Foto av kunstnar Craig Farr som spelar på trommer.
Foto: Sissel Grønlund

Lydsnuttar til haldeplassannonsering

Komponist Craig Farr har nytta både kjenningsmelodiar, naturlydar og lydobjekt knytt til dei ulike stoppestadane.

Kunstnar
Craig Farr
Materiale
Lyd
Årstal
2022

Der det er kjende melodiar, er dei likevel nytta på ein abstrakt og noko kamuflert måte. Tanken er at reisande kan oppdage melodien om dei leitar, men får det ikkje servert rett fram.

Melodien kan òg berre vere i det undermedvitet, som ein del av det heilskaplege lydbiletet i vignetten. Instrument og linjeløp er ofte assosiasjonsskapande, som på Bystasjonen, der eit sitat frå «Nystemten» blir spelt på bjøller som kan minne om tidlegare tiders buss og trikk. I bakgrunnen kan ein høyre ekko frå eit klaver i Grieghallen like ved.

Kaigaten

Nonneseter

Bystasjonen

Fløen

Haukeland sjukehus

Kronstad

Mindemyren

Kristianborg

Fyllingsdalen terminal