Kunstverk i innvendig tak i bybanevogner.

Innvendige tak i vognsett – Christian Messel

Arbeidet til Christian Messel i taka på bybanevognene har referansar til klassiske takmåleri vi finn i eldre kyrkjer og praktbygg.

Kunstnar
Christian Messel
Stad
Innvendige tak i bybanevogner
Årstal
2022

I staden for å sjå opp i eit himmeltablå, ser vi her opp i bilde av den unnselege, men viktige verda vi har under bakken. Perspektivet er framleis som om vi ser det frå undersida, og formspråket har mykje det same preget som takmåleri gjerne har.

Men det himmelske og storslåtte er bytta ut med sopp, røter og meitemakk, organismar som trass i at dei er smålåtne og lite synlege, har fundamental verdi.

Vestland fylkeskommune eig kunstverka.