Tilskot arenautvikling i bibliotek (2023)

Fylkeskommunen lyser ut midlar til arenautvikling i biblioteka. Tilskotet til arenautvikling skal bidra til å danne rammer for moderne bibliotektenester, både som aktive formidlarar av kunnskap, litteratur og kultur, og som møtestader og arenaer for offentleg samtale og debatt. Det er også eit mål med ordninga at ho skal bidra til å jamne ut forskjellar i bibliotektilbodet i Vestland.

Bakgrunn

Vestland fylkeskommune ønskjer å styrke biblioteka i Vestland, jf. «Kultur bygger samfunn» Regional plan for kultur 2023–2035. Gjennom å vere møtestader og debattarenaer skal biblioteka bidra til å skape gode og berekraftige lokalsamfunn og fremme danning, god helse og livskvalitet.

Biblioteket si rolle som møteplass med menneska i sentrum stiller krav til bibliotekrommet. Gjennom tilskot til arenautvikling ønskjer fylkeskommunen å stimulere til kommunal satsing på bibliotekarenaer.­

Det vil vere ulikt kva den einskilde kommune definerer som gode arenaer for bibliotektenester i sin kommune. Enkelte stader kan det vere mobile bibliotektenester som er løysinga, medan det andre stader er behov for oppgradering av hovudbibliotek eller filialar.

Ordninga gjeld kommunar i Vestland fylke for tiltak i folkebibliotek.

Det kan søkast støtte til fornying og utvikling av folkebiblioteklokale eller investering i mobile einingar. Fylkeskommunen kan dekke inntil 50% av utgiftene til eit tiltak.

Det er sett av til saman 2 050 000 kr. Av dette er 1 200 000 kr primært sett av til investering i mobile einingar, og 850 000 kr til fornying og utvikling av biblioteklokale.

Biblioteklokale

  • Maksimal søknadssum 500 000 kr.
  • Nyttar ein interiørarkitekt ved bibliotekoppgraderinga, kan ein søke om inntil 100 000 ekstra til å dekke honorar.

Mobile einingar

  • Maksimal søknadssum: 1 000 000 kr.
  • Dersom fleire kommunar søker saman, kan det søkast om inntil 1 500 000 kroner samla.

Kommunen kan søke fleire år til same tiltak dersom dei ikkje har fått tildelt maksimal søknadssum i ordninga. Dette er likevel avgrensa til tre påfølgande år, og føreset at tilskotsordninga blir vidareført.

  • Oppgradering og utvikling av heile eller deler av biblioteklokalet for å skape funksjonelle, tilgjengelege og innbydande bibliotek.
  • Investering i mobile einingar som når ut med bibliotektenester der det ikkje er faste bibliotekavdelingar. Dette kan vere både bokbussar og mindre mobile einingar, som gjev grunnlag for aktiv formidling av kunnskap og kultur.
  • Ordinær drift og vedlikehald.
  • Midlertidige lokale med kjent brukshorisont på mindre enn 5 år.
  • Tiltak som er igangsett før søknadsfrist.

Unntak frå desse punkta kan vurderast i spesielle tilfelle. Behovet for unntak må vere godt grunngjeve i søknaden.

Vestland fylkeskommune vurderer søknadane og fattar vedtak om tildeling av midlar etter ei heilskapleg, skjønsmessig vurdering av korleis tiltaket oppfyller målet med ordninga og krav for tildeling.

Krav

  • Søknaden skal innehalde tilstrekkeleg informasjon/dokumentasjon om prosjektet med mål, tiltak, budsjett og plan for gjennomføring.
  • Søknaden må vise til forankring i lokale behov, overordna føringar, kommunale planar eller strategiar.
  • Det må leggast ved dokumentasjon på at kommunen garanterer for eigendelen i tiltaket.
  • Ved søknad om større oppgradering av lokalet må det leggast ved ei vurdering av bestandsstorleik, og ein plan for samlingsutvikling når bestanden er vesentleg større enn tilrådd.
  • At det er tenkt miljøvenlege løysingar ved investering i mobile einingar.

Vurdering

Det vert i tillegg lagt vekt på dette når vi tildeler midlar:

  • At det kjem tydeleg fram kvifor ein vil gjennomføre tiltaket og kva mål ein vil oppnå.
  • At tiltaket fører til eit utvida tilbod og betre tenester for publikum.
  • Om meirope er del av oppgradering av lokalet.
  • Om ein skal nytte interiørarkitekt til planlegging og utforming av lokalet.
  • Om kommunen/bibliotekavdelinga har fått støtte til arenautvikling tidlegare

Tiltak som ikkje vert prioriterte ved tildelinga, kan søkje på nytt ved ny utlysing.

22. september 2023

Søknaden skal fremjast på elektronisk søknadsskjema.

Forvaltningslova ligg til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune og alle søknader er offentleg tilgjengelege.   

Avdeling for kultur og folkehelse førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Hovudutval for kultur, idrett og inkludering. Innstilling vert grunngitt i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesdirektøren si innstilling skal også grunngjevast. Søknadane skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist. 

Vilkår og retningslinjer for gjennomføring av tiltak går fram av tildelingsbrev. Tilskotet må brukast i samsvar med planlagde aktivitetar på den måten og i det tidsrom som går fram av søknaden. Vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til fylkeskommunen for vurdering og godkjenning. 

Tilskotet vert fullt utbetalt etter at det er gjennomført, og på bakgrunn av innsendt og godkjent rapport og rekneskap. Krav til rapportering vert sendt i tildelingsbrevet. Tilsegnsmottakar skal rapportere på digitalt rapportskjema og sende inn rekneskap innan tre månader etter at tiltaket er gjennomført.

Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll med at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for kontroll. 

Tilsegn om tilskot gjeld i inntil to år frå svar om vedtaket er sendt til søkjaren. Tilsegna fell bort, og midlane vert inndregne dersom

  • tiltaket ikkje er igangsett innan to år etter svar er sendt ut
  • søkjaren ikkje har bede om utbetaling av tilskotet innan tre år etter svar er sendt ut

Vesentlege avvik frå prosjektsøknaden kan føre til at tilsegn vert gjort om heilt eller delvis. Tilskotsmottakar kan bli bedt om å dele erfaringar frå prosjektet med andre bibliotektilsette i fylket på bibliotekdagar, møte og liknande.