Tilbod til skule

Seksjon for bibliotekutvikling gir råd og rettleiing til kommunar om samarbeid mellom folke- og skulebibliotek. I tillegg har vi tilbod om klassesett som skulane kan nytte seg av.

Mal for samarbeidsavtale mellom grunnskule og folkebibliotek

Opplæringslova seier at alle elevar skal ha tilgang til skulebibliotek. Om skulen ikkje har eige bibliotek, skal tilbodet sikrast gjennom samarbeid med folkebiblioteket. Vi har utarbeidd ein mal for samarbeidsavtale mellom grunnskule og folkebibliotek, som kan tilpassast lokale behov. 

Tilskot til skulebibliotek

Kommunane kan søke om tilskot frå Utdanningsdirektoratet  for å utvikle skulebiblioteka og styrke arbeidet med lesestimulering. Ein føresetnad for å søke tilskot er at ein har ein plan for bruk av skulebiblioteket i opplæringa. Vi har utarbeidd forslag til ein slik plan, som kan brukast som utgangspunkt for eigen plan. 

Andre ressursar

§ 21-1.Tilgang til skolebibliotek

Skolen skal ha skolebibliotek med mindre tilgangen til skolebibliotek er sikra gjennom samarbeid med andre bibliotek. Bibliotek som ikkje ligg i skolen sine lokale, skal vere tilgjengeleg for elevane i skoletida, slik at biblioteket kan brukast aktivt i opplæringa på skolen. Biblioteket skal vere særskilt tilrettelagt for skolen. 

(Opplæringslova § 9-2 andre ledd)