Støtte til deltaking på konferanse «Sammen om lesekultur»

Vestland fylkeskommune lyser ut støtte til deltaking på konferansen «Sammen om lesekultur. En konferanse for barnehage og bibliotek» 2.-3.april 2025 i Trondheim.

Vestland fylkeskommune satsar på formidling og lesing med dei yngste barna. Saman med Dronning Mauds Minne Høgskole (DMMH) og Trøndelag fylkesbibliotek arrangerer vi ein nasjonal konferanse om lesing og litteraturformidling til dei yngste for bibliotektilsette og barnehagetilsette.

Vi ønskjer deltakarar frå Vestland fylke på konferansen, og lyser med dette ut støtte til deltaking. Dei som får støtte organiserer reise og påmelding til konferansen sjølve.

Bakgrunn

Konferansen spring ut av det landsdekkande prosjektet Formidlingskompetanse til folkebibliotek (FiF), og satsingsområdet «Leselyst med dei minste», som Vestland fylkeskommune koordinerer. I leselyststrategien «Sammen om lesing» står det at vi må byggje ein sterkare lesekultur, og eit av tiltaka er å styrke samarbeid mellom folkebibliotek og barnehage. Konferansen er eit bidrag i det arbeidet.  

Stønadsbeløp

Opptil 8000 kr per person, maksimalt 16 000 per kommune. Det er til saman sett av 50 000 kr til reisestøtte.

Kva vert støtta

Støtta skal gå til reise, hotell og konferanseavgift for to personar, ein bibliotekar og ein barnehagetilsett frå same kommune. Dei som får støtte organiserer reise og påmelding til konferansen sjølve.

Kva vert ikkje støtta

Beløpet skal ikkje gå til frikjøp(vikar) og kost.

Tildeling av støtte til deltaking

Vestland fylkeskommune vurderer søknadar og tildeler støtte til deltaking etter ei heilskapleg vurdering.

Krav

  • Søknaden må vere for to personar frå same kommune, ein bibliotektilsett og ein barnehagetilsett. Dette er fordi konferansen skal fremje møte og samarbeid mellom profesjonane.
  • Budsjett for utgifter i samband med konferanse.

Vurdering

Dette blir vektlagt når vi tildeler støtte:

  • Idear/planar for samarbeid mellom profesjonane framover om leselyst med dei minste.
  • At ein har høve til å dele kunnskap og erfaringar frå konferansen med andre i fylket på møte og liknande.
  • Fordeling mellom kommunane.
  • Kommunar som ikkje har fått støtte til tidlegare konferanse blir prioriterte.

Frist for å søke

Frist for å søke er 15.12.24

Rapportering og utbetaling

Dei som får støtte sender enkel oversikt over utgifter (rekneskap) etter konferansen. Ved godkjent rekneskap blir midlane betalt ut til den einskilde kommune (som ev. fordeler mellom einingar i kommunen/ institusjonar). Frist for å sende inn rekneskap er tre månadar etter konferansen.