Bruk arkiva våre
Historia er viktig for å forstå samtida vår. I dagar med mykje usikkerheit og "fake news" er det viktig at vi kan støtte oss på både gamal og ny dokumentasjon. Arkiva er viktigare enn nokon gong - bruk dei!
Dette har vi:
Ulike arkivinstitusjonar har ansvar for å ta vare på ulike typar arkiv. Det er dels geografi og dels lovverket som bestemmer dette. Fylkeskommunen i Vestland forvaltar privatarkiv og foto frå heile Vestland fylke, stadnamn frå tidlegare Sogn og Fjordane, tradisjonsmusikk frå heile Vestland fylke, og lyd og levande bilete frå heile Vestland fylke.
Kommunearkivordnina i Vestland KO har eldre og avslutta arkiv frå Vestland fylkeskommune, inkludert dei tidlegare fylkeskommunane, og kommunane frå tidlegare Sogn og Fjordane. Arkivkatalogen vår finn du på Arkivportalen.no. Du finn også ei detaljert oversikt over kva arkiv vi har frå kvar kommune.
Vi har digitaliserte både private og kommunale arkiv, og desse kan du søke fram på Digitalarkivet.
Slektsgransking
Er du interessert i slektsforsking? Arkiva er sentrale kjelder i dette arbeidet, og du vil finne mykje relevant kjeldemateriale i arkiva våre. I oversynsartikkelen Ta i bruk kommunale arkiv i slektsgranskinga kan du lese meir om kva du kan finne i dei kommunale arkiva.
I dei private arkiva kan du finne foto av personar, gardar og mykje anna, amerikabrev og stadnamn som fortel historia til ein stad. Vi har store mengder arkiv etter lag, organisasjonar og bedrifter, men også personarkiv som er ei viktig kjelde til samfunnsdokumentasjon. Ei oversikt over desse (arkivkatalog) finn du på Arkivportalen.
Ein del av arkiva våre, både private og kommunale, er digitalt tilgjengelege på Digitalarkivet. I tillegg til våre arkiv kan du også søkje i folketeljingar, kyrkjebøker, emigrantprotokollar, tingslysingsbøker, m.m. Digitalarikivet har laga ein fin rettleiar med tips om korleis du kan kome i gong med di eiga slektshistorie.
Dette finn du hjå andre institusjonar i Vestland:
Byarkivet i Bergen
Arkiva til Bergen kommune, inkludert historiske foto.
IKA Hordaland
Eldre og avslutta arkiv frå kommunane frå tidlegare Hordaland.
Arkivverket/Statsarkivet
Arkiv etter statlege institusjonar og etter nasjonale private organisasjonar, institusjonar, bedrifter og personar. Arkiva etter statens lokale og regionale institusjonar, som til dømes arkiv etter kyrkje, politi og lensmann, fylkesmenn og sorenskrivarar, ligg hjå Statsarkivet i Bergen.
Universitetet i Bergen
Historiske foto, antikvariske dokumenter, skeive historier og mye mer. Spesialsamlingane ved UiB består av Manuskript- og librarsamlingen, Billedsamlingen, Skeivt arkiv og Språksamlingane.
Musea og andre kulturarvsinstitusjonar
Privatarkiv og private fotosamlingar med meir. Les meir om dei ti konsoliderte musea i Vestland. Digitaliserte foto finn ein på digitaltmuseum.no.
Nasjonalbiblioteket
Aviser, litteratur, som til dømes bygdebøker, lokalhistoriske publikasjonar og anna, foto, som til dømes flyfoto, film med meir. Mykje er digitalt tilgjengeleg på nb.no.