Privatarkiv

Fylkeskommunen arbeider med innsamling, vern og formidling av privatarkiv i Vestland. Privatarkiva er ei kjelde til kunnskap om fortid og notid, med historisk dokumentasjon frå næringsliv, organisasjonar og privatpersonar. Privatarkiva representerer eit viktig korrektiv til det offentlege arkivtilfanget.

Innsyn og tilgjenge

Dei fleste privatarkiva vi oppbevarer er opne for publikum. Bruken av arkiva er gratis og lesesalen er open for alle. Det er òg mogeleg å tinge digitale kopiar av arkiv, innanfor rimelege grenser, og få desse tilsendt elektronisk. Les meir om innsyn og eventuelle restriksjonar her: Innsyn og tilgjenge 

Avlevering 

Har du tips om arkiv eller kjelder som kan vere av interesse for oss, er du svært velkomen til å ta kontakt med oss

Kva har vi?

Fylkeskommunen oppbevarer om lag 1 800 privatarkiv. I omfang og innhaldet er spennvidda stor, frå brev etter einskildpersonar til dokumentasjon frå lagsverksemd og store bedriftsarkiv.

Arkivkatalog

Dei fleste privatarkiva er ordna og katalogiserte, og såleis tilgjengelege for publikum på fylkesarkivet sin lesesal. Eit oversyn over registrerte arkiv finn du i Arkivportalen.

Digitaliserte dokument på Digitalarkivet

Digitalisert privatarkivmateriale vert publisert på Digitalarkivet. Følg denne lenka for å søke i dei digitaliserte dokumenta: Digitalarkivet.no

Vi tek hand om Arbeidararkivet i Sogn og Fjordane, på vegner av LO Sogn og Fjordane, AOF Sogn og Fjordane, DNA Sogn og Fjordane og Fylkesarkivet. Føremålet med Arbeidararkivet er å sikre at historisk dokumentasjonsmateriale frå arbeidarrørsla i fylket vert teke vare på og gjort tilgjengeleg for bruk.

Arbeidararkivet i Sogn og Fjordane vart skipa 09.03.1989. Det er eit samarbeidstiltak mellom LO Sogn og Fjordane, AOF Sogn og Fjordane, DNA Sogn og Fjordane og Fylkesarkivet. Arbeidararkivet fungerer som ein lokalavdeling under Arbeiderbevegelsens Arkiv og Bibliotek i Oslo. Arkivet har eige styre samansett av representantar frå samarbeidspartnarane. Fylkesarkivet har det arkivfaglege ansvaret.

Den store emigrasjonen til USA er godt dokumentert. Det er registrert litt over 2500 amerikabrev. Mykje av brevmaterialet stammar frå nordmenn som emigrerte til Amerika. Dei fleste breva er difor skrivne i USA, men nokre har også opphav i andre land, som Canada, Frankrike og Noreg. Det første registrerte brevet har datering 18. november 1851, og det siste frå 1991. Hovudtyngda av materialet er frå etter 1900.

Breva er registrerte med eit knippe nøkkelinformasjon, som avsendar, mottakar, dato og emneord opplysingar med meir. I mengd er det tale om kring 3 000 brev, også frå andre land enn USA. Brevmaterialet høyrer til samlingar med opphav i tidlegare Sogn og Fjordane fylke.

Hovudtyngda av arkiv er frå organisasjonar og lagsaktivitet. I denne kategorien er det registrert over 1 000 privatarkiv i katalogen vår. I tal har det blitt teke vare på langt færre arkiv frå bedrifter, litt over 300. Men desse arkiva er ofte store i omfang. Innan kategorien personarkiv, dvs. dokument frå einskildpersonar, har det blitt samla inn over 360. I samlingane våre finst det i tillegg ein del arkiv frå institusjonar, legat og utval.

Fylkesarkivet har òg ein database med opplysingar om lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane og deira arkivmateriale. Opplysingane kjem frå ei kartlegging som vart gjennomført på byrjinga av 1990-talet. Den omfattar kring 6 000 lag og organisasjonar frå heile fylket. Ein del av arkiva er oppbevarte i magasina våre på Leikanger, men i hovudsak er dette materiale som ikkje finst i fylkesarkivet. Bruk arkivkatalogen for oppslag i arkiva vi oppbevarer.

Fylkeskommunen i Vestland arbeider med innsamling, vern og formidling av privatarkiv i Vestland. Fylkeskommunen er den største aktøren innanfor privatarkivfeltet i Vestland, men det er mange andre aktørar som forvaltar privatarkivsamlingar. Vi er i ferd med å utarbeide ein bevaringsplan for privatarkiv for Vestland, for å sikre ein heilskapleg samfunnsdokumentasjon.

Arbeidet med privatarkiv har blitt drive som ein kombinasjon av tilfeldige mottak av materiale til meir systematiske verneprosjekt. Det siste har resultert i etter måten store samlingar av arkiv frå bankar og branntrygdelag. Eit anna målretta arbeid er vern av arkiv frå arbeidarrørsla.