Vi søker fotograf

Ønskjer du å jobbe med fotobevaring? Vi søker no etter deg, fotograf med fototeknisk interesse, som har eit hjarte for foto- og kulturhistoria i Vestland.

Vestland fylkeskommune, ved seksjon arkiv, forvaltar per i dag kring 1 130 000 historiske foto etter profesjonelle fotografar, verksemder og privat personar frå Vestland fylke. Vi søker no deg, fotograf med fototeknisk og historisk interesse, som ønskjer å arbeide med fotobevaring innafor gode faglege råmer. 

Vi har nyleg skaffa oss eit  Phase One iXH, det beste kameraet i verda til kulturarvsdigitalisering. 

Hausten 2024 flyttar me inn i nyrenoverte kontorlokale i fylkeshuset på Leikanger, med nytt reprorom for vår fotograf, og hausten 2025 står nye magasinlokale klare til bruk med fryserom, kvilande magasin og bruksmagasin til å husa fotoarkiva våre.  

Den ledige stillinga er eit unikt høve til å bidra til viktig bevaringsarbeid av kulturhistoria i regionen innafor særs gode faglege råmer. 

Send inn din søknad via: Annonse - Webcruiter 

Søknadsfrist søndag 28. juli.