Kontaktmøte 2023

Kommunearkivordninga i Vestland KO inviterer arkivmedarbeidarar og -leiarar frå medlemskommunane våre til å delta på det årlege kontaktmøte tysdag 14. november.

Møtet vert på Thon Hotell Jølster på Skei frå kl. 10 til kl. 14.30. Vi håper så mange som mogeleg vil ta turen, då vi veit av erfaring at det er viktig og nyttig med slike faglege møteplassar. Dei som ikkje har høve til å reise kan delta digitalt via Teams. Meir informasjon om det praktiske vert sendt ut til dei som melder seg på via påmeldingsskjema

Målgruppa for dette kontaktmøtet er de som jobbar med arkiv i kommunane. Det er viktig å sikre ein god dialog mellom kommunearkivordninga og arkivtilsette i kommunane. Møtet gir oss eit høve til å drøfte faglege utfordringar og aktuelle arkivfaglege problemstillingar.

Program:

  • 10.00-10.05     Velkomen
  • 10.05-10.30     El-arkiv
    Kva har skjedd den siste tida, kva rutinar har vi, kva skjer framover og kva bør kommunane tenke på.
  • 10.30-11.00     Skada arkiv
    Kva gjer vi når vi kjem over mugg, skadedyr eller anna skade på arkiva våre?
  • 11.00-11.15     Pause
  • 11.15-12.00     Vegen fram mot deponering til nytt arkivbygg i 2025
    Status, orienteringar, praktisk info og rom for spørsmål og svar.
  • 12.00-13.00     Lunsj
  • 13.00-13.30     Orienteringar frå KAV 
    Økonomiplan, retning for arbeidet vårt, årsplan og aktivitetar.
  • 13.30-14.00     Spørsmål, svar, diskusjon
    Send gjerne inn spørsmål til Sigrun på førehand: sigrun.espe@vlfk.no
  • 14.00   Slutt

Dei som deltek fysisk vert fakturert for dagpakke inkl. lunsj i etterkant. 

 

Publisert 17.10.2023