Kontaktkonferansen 2023
Kontaktkonferansen 2023 vert arrangert i Balestrand 31. mai og 1. juni.
Programmet for årets konferanse ser slik ut:
Dag 1: Nye tankar om bevaring, kassasjon og tilgjengeleggjering av arkiv
- 09.00-09.30 Registrering
- 09.30-10.30 Presentasjon og omvising, reiselivsmuseet
- 10.30-11.00 Kva digital dokumentasjon vil vi ha nytte av om 100 år - Utvalget for bevaring av digitalt skapt dokumentasjon v/ Maria Astrup Hjort, utvalsleiar og professor ved Institutt for offentlig rett ved Universitetet i Oslo
- 11.00-11.30 PAUSE
- 11.30-12.00 Mediekonvertering for kassasjon - Arkivsenter Sør v/Turid Holen, Arkivsenter Sør
- 12.00-12.20 Vestland fylkeskommune ønskjer å løfte arkiv i Vestland – kva betyr det? v/Arnt Ola Fidjestøl, Vestland fylkeskommune
- 12.20-12.40 Arbeid med arkivlova og forskrift v/ Elisabeth Harlem Eide, Arkivverket
- 13.00 Lunsj
- 14.00-14.30 Arkiv og lovverk v/Arnt Ola Fidjestøl
- 14.40-15.20 Standardisering etter NOARK - Arkivverket v/Martin Bould
- 15.20-15:45 Oppsummering og orienteringar
- 16.00 Fellestur til dagsturhytta Balabu for dei som ønskjer det.
- 19.30 Middag
Dag 2: Lover, reglar og instruksar – til beste for arkiva
- 09.00-09.45 Tilsyn i kommunane - kva er viktig? - Arkivverket v/Kjetil Reithaug
- 09.45-10.10 Erfaring med tilsyn, Askvoll kommune v/Sarah Louise Loftheim
- 10.30-10.50 Presentasjon av nye deponeringsinstruksar v/Espen Sæterbø
- 10.50-11.20 Pause og utsjekk
- 11.20-11.40 Kartleggingsarbeid i kommunane og kommunebesøk v/Sigrun Espe
- 11.40-12.15 Kva er situasjonen og utfordringane i kommunane? Arbeid i grupper.
- 12.15-12.45 Oppsummering av gruppediskusjon
- 12.45-13.00 Avslutning og oppsummering
- 13.00-14-00 Lunsj
- 14.00-15.00 Tilsette frå Kommunearkivordninga er tilgjengelege ved behov.
Publisert 24.05.2023
Kva er kontaktkonferansen
Kommunearkivordninga i Vestland arrangerer årleg Kontaktkonferansen for medlemskommunane våre. Målgruppa er kommuneleiarar, arkivleiarar, leiarar for sørvistorga og andre arkivtilsette innan offentleg sektor.
Vi har arrangert kontaktkonferanse for medlemskommunane sidan 1990-talet. Konferansen vert arrangert årleg og målgruppa for konferansane er arkivleiarar, leiarar for sørvistorga og andre arkivtilsette innan offentleg sektor.
Her er informasjon om tidlegare arrangerte kontaktkonferansar:
- Kontaktkonferansen 2022 (Førde)
- Kontaktkonferansen 2019 (Gloppen)
- Kontaktkonferansen 2018 (Sogndal)
- Kontaktkonferansen 2017 (Førde)
- Kontaktkonferansen 2016 (Gloppen)