Meir skulearkiv på Digitalarkivet

Det er med stor glede vi kan dele at vi har publisert møtebøkene frå dei kommunale skulestyra på Digitalarkivet. Vi veit at dei kommunale skulearkiva vekker mykje interesse hjå publikummet vårt, og håpar dette vil glede mange av dykk! 

Bilete av kvinne som står foran eit bord med bokskanner, datamaskin, tastatur og skjerm.

Besøk Digitalarkivet.no og søk etter materiale frå Fylkesarkivet i Vestland her -  Finn kilde - Digitalarkivet  - og bla i kjeldene digitalt! 

Som hovudregel er det protokollar som er eldre enn 100 år som er fritt tilgjengeleg på Digitalarkivet. Men vi kan også gjere yngre materiale tilgjengeleg på førespurnad for dei som ønskjer dette. For spørsmål om kjeldene våre på Digitalarkivet, eller andre førespurnader ta kontakt med oss på post@vlfk.no eller besøk nettsidene våre på vestlandfylke.no/arkiv.

Våre kommunale kjelder dekker tidlegare Sogn og Fjordane. For å sjå skulearkiv frå kommunar frå tidlegare Hordaland kan de søke på Digitalarkivet etter desse, eller ta kontakt med IKA Hordaland. 

Framside på gamal møtebok. Tekst: Forhandlings - protokol for Skolekommissionen Bremanger Præstegjeld 1864.
Framside av møteprotokollen frå Bremanger skulestyre (1864-1890) "Forhandlings - protokol for Skolekommissionen Bremanger Præstegjeld 1864"