Digitalt frukostmøte om folkebibliotek og beredskap
Kva betyr beredskap for folkebiblioteket – og kva betyr biblioteket for beredskapen?
2026 er Totalforsvarsåret, og Norsk bibliotekforening har valt beredskap som tema for Nasjonal bibliotekdag 1. september. Biblioteket er ein open, gratis og tillitsskapt møteplass for alle – i kvardagen ein kunnskapsarena, i ei krise eit naturleg informasjonspunkt og eit trygt rom.
På dette frukostmøtet deler Stine-Marie Schmelding frå Tønsberg og Færder bibliotek erfaringar frå arbeidet med å utforske og utvikle bibliotekets rolle i beredskap – eit arbeid som ligg til grunn for heftet Bibliotek og egenberedskap – en veileder for bibliotekene (DSB). I tillegg deler bibliotek frå Vestland konkrete døme frå eige beredskapsarbeid.
Møtet er eit oppspel til Nasjonal bibliotekdag og ein sjanse til å sjå kva biblioteka allereie gjer – og kva potensialet er.
Møtet krev inga påmelding og er ope for alle interesserte. Følg møtelenka litt før kl. 9: møtelenke til Teams-møtet
Det blir ikkje gjort opptak av arrangementet.
Arrangert av Vestland fylkeskommune i samarbeid med NBF Vestland.