Vestlandsmøtet 2025: Korleis trygge Vestland i ei uroleg tid?
No kan du sjå opptak av årets vestlandsmøte frå Peer Gynt-salen i Grieghallen fredag 10. januar. Inkludering og utanforskap var sentrale tema.
Sjå opptak av Vestlandsmøtet 2025.
Vestlandsmøtet 2025 kan presentere eit rikhaldig program der årets hovudtalar er kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery. Blant andre inviterte finn vi Tommy Urhaug, olympisk meister i bordtennis og Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør NAV Vestland, for å nemne nokre.
– Den viktigaste draumen og planen min for 2025 er at heile Vestland jobbar for å få folk utanfor arbeidslivet inn i fellesskapen. Vi skal møte behova i arbeidslivet for å få fleire hender og hjernar i arbeid, seier fylkesordførar Jon Askeland. Saman med fylkesvaraordførar Stian Jean Opedal Davies stiller fylkesordføraren med stortingsrepresentantar og sentrale aktørar i Vestland for å diskutere høgaktuelle tema for fylket.
Det kan bli friske samtalar, blant anna i første vestlandsdialog mellom kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery og Erna Solberg, Høgre sin statsministerkandidat ved stortingsvalet 2025.
– Arbeidslivet i Vestland manglar folk, samstundes som 1 av 5 står utanfor. Det å ikkje fullføre vidaregåande utdanning er den viktigaste årsaka til at folk i yrkesaktiv alder står utanfor arbeidslivet, og denne arbeidskrafta er viktig for utviklinga av Vestland. Korleis kan vi snu dette? Det skal vi i fellesskap søke svar på, seier Askeland.
Vestlandsmøtet 2025 presenterer i år fire vestlandsdialogar med særs aktuelle og spennande tema:
- Kulturen og frivilligheita sin betydning for framtidas arbeidsliv og inkludering av barn og unge
Lubna Jaffery, kultur- og likestillingsminister og 1. kandidat Hordaland Arbeiderparti og Erna Solberg, partileiar og 1. kandidat Hordaland Høyre
i dialog med Jan Erik Kjerpeseth, konsernsjef i Sparebanken Vest - Distriktspolitikk – Er det håp for distrikta eller hamnar alt i Bergen uansett?
Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant og 1. kandidat Venstre i Sogn og Fjordane og Aleksander Øren Heen, stortingsrepresentant og 2. kandidat Senterpartiet i Sogn og Fjordane i dialog med Erlend Blaalid Oldeide, journalist i Gudbrandsdølen Dagningen og tidl. NRK Vestland - Korleis balansere verdiskaping, miljø og velferd i ei usikker tid? – «på vestlandsk»
Helge André Njåstad, stortingsrepresentant og 1. kandidat Hordaland Framstegsparti og Marthe Hammer, gruppeleiar fylkestinget og 1. kandidat Hordaland Sosialistisk Venstreparti i dialog med Erlend Blaalid Oldeide, journalist i Gudbrandsdølen Dagningen og tidl. NRK Vestland - Bestilling frå regionane - kva treng vi?
Ved Christine Meyer, byrådsleiar i Bergen og leiar av Bergensalliansen, Andre Mundal Haukås, ordførar i Sveio og leiar av Sunnhordlandsrådet og Roy Egil Stadheim, ordførar i Vik og leiar av Sognarådet
I tillegg har vi invitert følgjande personar til å gje oss nærare innsyn i det området dei representerer:
- Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør NAV Vestland
- Kontreadmiral Oliver Berdal, sjef Sjøforsvaret
- Helene Frihammer, regiondirektør NHO Vestland
- Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Institutt for offentleg rett i Oslo
- Tommy Urhaug, olympisk meister i bordtennis
- Helene Seim, CEO Boliden Odda AS
- Evangeline Sessford, gründer av Upscale og vinnar av fylkeskommunens klimapris i 2023
Blant deltakarane finn vi stortingspolitikarar, fylkespolitikarar, ordførarar, kommunedirektørar, leiarar innan nærings-, kultur- og organisasjonsliv, i tillegg til tilsette frå offentleg sektor i Vestland.
Programmet for møtet finn du på denne sida.
Ved behov for foto frå arrangementet, kontakt kommunikasjon@vlfk.no