Plannettverk - arealdelen til kommuneplanen - Arealrekneskap

Vi inviterer kommunane til webinar om arealrekneskap i arbeidet med arealdelen. Nettverket vert arrangert i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland

Kommunane er tilrådd å utarbeide arealrekneskap som ein del av kommuneplanarbeidet. Vestland fylkeskommune har utarbeidd arealrekneskap for alle kommunane i Vestland, men korleis kan dette verktøyet brukast i arbeidet med arealdelen til kommuneplanen. Det skal vi sjå nærare på i denne nettverkssamlinga.

Program

Kl 09.00   Velkommen - Eva Katrine R. Taule

Kl 09.05   Må vi føre arealrekneskap?  - Statsforvaltaren i Vestland/ Sarah K. Skouen 

Kl 09.20   Arealrekneskap – tidleg i KPA (planprogram og tidlegfase )

                  Kva seier rettleinga? – Iselin Helløy Vestland fylkeskommune

                 Døme frå ein kommune

                 Aktuelt kartverktøy, Vestland fylkeskommune

                Spørsmål

Kl 10.00  Beinstrekk

Kl 10.05   Arealrekneskap - seint i KPA (planomtale og samanlikning mellom framlegg til plan og gjeldande plan)

                 Kva seier rettleinga? – Iselin Helløy Vestland fylkeskommune

                 Døme frå ein kommune 

                Aktuelt kartverktøy, Vestland fylkeskommune

                Spørsmål

Kl 10.45   Gjennomgang av heile prosessen i KPA for eit tema, jordvern

Kl 11.00   Slutt