Planlegging for naturmangfald i sjø

Under paraplyen One Ocean Week arrangerer Vestland fylkeskommune, i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland, eit seminar om planlegging for naturmangfald i sjø

Å redusere tap av naturmangfald er både eit globalt, nasjonalt og regionalt mål. Etter plan- og bygningslova skal kommunane planlegge areala i heile kommunen, også sjøareal ut til ei nautisk mil utanfor grunnlinja. Seminaret vil ha fokus på korleis kommunane kan ivareta naturmangfald i sjø gjennom planlegging.

Programmet vårt inneheld faginnlegg frå fleire forvaltingsaktørar som har ansvar for naturmangfaldet i sjø, saman med døme frå kommunar. Vi vonar å få fram breidda i forvaltingsansvaret og -kompetansen, og gje inspirasjon på dette viktige temaet.

Målgruppe

Målgruppa er offentlege planleggarar, konsulentar og aktørar kopla til sjømat og fiskeri. 

Praktisk informasjon

Som tidlegare år, held vi seminaret i auditoriet på Litteraturhuset i Bergen. Arrangementet er gratis, og vi byr på lunsj for dei påmelde. Påmelding er difor bindande. Arrangementet blir strøyma, og det blir gjort opptak som ein kan sjå i ein avgrensa periode. Det er også mogleg å droppe innom, utan lunsj og påmelding.

Følg arrangementet digitalt

(Foto: Espen Rekdal )
(Foto: Espen Rekdal )

Program

10.00: Velkomen! Ved May Britt Hernes, seksjonsleiar Plan, klima og analyse, Vestlan fylkeskommune

10.10: Den marine vestlandsnaturen med fokus på sjøfugl, ved Stein Byrkjeland, Statsforvaltaren i Vestland

10.35: Planlegging for naturmangfald i sjø, ved Kristin Nordli, Kommunal- og distriktsdepartementet

11.05: Pause   

11.15: Marint miljø i KDP for naturmangfald, ved Stina Nordbak, Austevoll kommune                         

11.40: Kartlegging for marine grunnkart, ved Sigrid Elvenes, Norges geologiske undersøkelse

12:00: Lunsj                                                                         

13.00: Biologisk kartlegging i Sunnhordland, ved Genoveva Gonzalez-Mirelis, Havforskingsinstituttet

13.20: Marint vern i Stad og Sognefjorden, ved Maria Knagenhjelm, Statsforvaltaren i Vestland

13.45: Pause  

14.00: Planlegging for marint naturmangfald i Stad, ved Hanne Marie Utvær, Stad kommune                                                                   

14.25: Overvaking av miljøtilhøva i kystvatn, ved Julie Marie Andersen, Statsforvaltaren i Vestland  

14.45: Innspel og tankar, takk for i dag, ved Plan, klima og analyse i Vestland fylkeskommune