Lokalhistorisk webinar 2025

Vi inviterer til webinar for lokalhistorieinteresserte. Årets tema er utvandrar- og migrasjonshistorie, med hovudtyngd på den norske utvandringa til USA.

Innleiingane vil fokusere på korleis migrasjon har påverka kulturen og samfunnet gjennom tidene. Webinaret vender seg til eit breitt publikum slik som historieinteresserte, studentar og fagpersonar. Innleiarane kjem frå både inn- og utland.

Du kan følgje webinaret i Teams. Du må melde deg på gjennom påmeldingsknappen til høgre på denne sida. Du vil få ei lenke til webinaret på e-post dagen før webinaret.

Program

Tid Kva
10.00 Velkomen, ved Arnt Ola Fidjestøl, Vestland fylkeskommune
10.05 Forhistoria i bevegelse. Migrasjon frå eit steinalderperspektiv, ved Daniela Hoffmann, professor ved Universitetet i Bergen
10.30 Utvandringshistoria frå Voss, ved Eirik Helleve, avdelingsleiar ved Voss folkemuseum
10.55 Beinstrekk
11.05 «Amerikanske» stadnamn i Noreg, ved Gunnstein Akselberg, professor emeritus ved Universitetet i Bergen
11.30 Migrasjonsminne og møtet med Noreg, ved Babek Hosami og Memoar, norsk organisasjon for munnleg historie
11.55 Lønsj
12.20 Nordmenn i USA og dei som var der før dei. Om det norske møtet med urbefolkninga, Dr. Anna Peterson ved Luther College & Norwegian-American Historical Association. Innlegget er på engelsk, men er spelt inn på førehand og teksta til norsk. 
12.45 Kva skjer vidare i jubileumsåret?, ved Vestland fylkeskommune
Etterpå Takk for i dag