Konferanse: Ei ny tid for kyrkjebygga våre

Velkommen til konferanse om potensialet i kyrkjebevaringsprogrammet.

Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, Bjørgvin bispedømme, Bergen kirkelige fellesråd, Akasia og Kirkens Bymisjon inviterer til konferanse om bevaringsstrategi for kulturhistoriske verdifulle kyrkjebygg. Målet for konferansen er å informere om strategien og tilhøyrande program, utforske potensialet og leggje grunnlag for samarbeid.

Målgrupper 

Politikarar og leiarar i kommunar og kyrkjelege fellesråd, kyrkjeeigarar, kompetansemiljø innan tradisjonshandverk, museum, fagskular, vidare utdanning, handverkslaug og elles alle interesserte. 

Program

Program for konferansen Ei ny tid for kyrkjebygga våre (pdf)

Praktisk informasjon

Deltakaravgift

  • Begge dagar: 800 kr
  • Berre 3. februar: 350 kr
  • Berre 4. februar: 450 kr
  • Kveldsarrangement 3. februar med eit måltid i Korskirken: 100 kr

Gå til påmeldingsskjema. Påmeldingsfristen er 25. januar.

Hotellbestilling

Det er reservert rom på Grand Hotel Terminus frå 3.–4. februar. Avtalt pris er 1156 kr per enkeltrom inkl. frokost.

Du bestiller rom sjølv via e-post til booking@grandterminus.no, oppgje kode "4153690" for å få avtalt pris. Du betalar når du sjekkar inn. Frist for bestilling er 24. januar.


Bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg og bevaringsprogramma

Regjeringa la 21. februar 2024 fram ein bevaringsstrategi for dei freda og listeførte kyrkjebygga i landet. I løpet av dei neste 20–30 åra, skal det brukast inntil 500 millionar årleg til å setje i stand kyrkjebygg. Ordninga omfattar alle freda og listeførte kyrkjer i landet, uavhengig av eigarskap.

Det vert etablert tre bevaringsprogram innan denne strategien; eitt mellomalderkyrkjeprogram, eitt for kyrkjer som er oppført i perioden 1537-1850, og eitt for kyrkjer oppført etter 1850.

Les meir om bevaringsstrategi for kulturhistoriske verdifulle kyrkjebygg og bevaringsprogramma på nettsida til Riksantikvaren.