Kickoff for Inkludering i Vest

Inkludering i Vest er eit utviklings- og samarbeidsprosjekt med mål om å få fleire av dei som står utanfor arbeidslivet i jobb og førebyggje utanforskap. Prosjektet er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Nav, NHO, LO og KS.


Velkomen til kickoff for Inkludering i Vest

Tid: 3. november 2025,  kl. 1100-1600. Lunsj og mingling kl. 1100-1200.
Stad: Vestlandshuset Bergen - Vestlandssalen. Du kan og følgje arrangementet digitalt.

Program

Lunsjen blir servert i 4. etg. ved Vestlandsalen (surdeigsandwich frå Søtt+Salt) 

Del 1 | kl. 12.00 – 12.50 | Velkommen og inspirasjon

  • Kulturelt innslag ved «Kom Nærmere»
  • Hyssingen vidaregåande produksjonsskule - video
  • Velkommen og utfordringsbilete, ved Jon Askeland, fylkesordførar
  • Opningstale ved Kjersti Stenseng, arbeids- og inkluderingsminister 
  • Inkludering i Vest, ved Lasse Hovland Maidstone, Vestland fylkeskommune

Del 2 | kl. 13.15 – 13.55 | Perspektiv og samspel

  • Panelsamtale: Korleis lukkast med inkludering i Vestland?
    Leia av Kathrin Jakobsen, Vestland fylkeskommune 
  • Refleksjon og oppsummering 
    Bård Sandal, direktør næring, plan og innovasjon og Kathrin Jakobsen, Vestland fylkeskommune

Del 3 | kl. 14.15 – 16.00 | Frå innsikt til handling

  • Appell frå ungdommen ved Marcus André Berntzen Askildsen, leiar Vestland ungdomsutval
  • Arbeidspakke 1 – frå kunnskap til handling
    Tal og statistikk ved Nikolai Park Foss, Vestland fylkeskommune
    Aktørkartet ved Per Odd Grevsnes, Vestland fylkeskommune
  • Arbeidspakke 2 – forsking og læring
  • Tonje Fyhn, NORCE
  • IPS – Inkludering gjennom arbeid, ved blant andre Nav Vestland
  • Rett i jobb, Meistringsskulen og Fagveg, ved Aase Bruntveit Njøs, Vestland fylkeskommune og Torje Urdal, Nav 
  • Sommarjobb i Vest, ved blant andre NHO Vestland
  • Ei brukarforteljing
  • Sluttord ved Jon Askeland, fylkesordførar

Eit arrangement i samarbeid med Nav, LO, NHO og KS