Fylkesting for ungdom 2025
Fylkesting for ungdom (FFU) arbeider med å ta vare på interessene til ungdom i Vestland og med å auke samfunnsengasjementet hos ungdom. FFU har møte ein gong i året, og årets ungdomsting blir i Bergen 7.–9. mars.
Fylkesting for ungdom skal ha ein årsmøtefunksjon ovanfor Vestland ungdomsutval (VU), der VU rapporterer til FFU om arbeidet sitt i løpet av året. FFU får informasjon om fjorårets rekneskap, årsmelding og forslag til budsjett for komande periode.
FFU lagar forslag til ungdommens planprogram, som utgjer grunnlaget for arbeidet VU gjer gjennom året. Planprogrammet inneheld måla til VU, og kva ungdom i Vestland meiner om konkrete politiske saker den komande perioden.
Arrangementet skal vere sosialt og bidra til å styrke samarbeidet mellom Vestland ungdomsutval og ungdomsråda i kommunane.
Kven er med i fylkesting for ungdom?
FFU er ein konferanse er for ungdom mellom 13 og 19 år, som bur i Vestland.
Kvar kommune i Vestland, uavhengig av folketal, kan sende to delegatar til fylkesting for ungdom. Desse skal veljast frå dei kommunale ungdomsråda. Delegatar stiller med tale-, forslags- og røysterett.
Ti observatørplassar
Om kommunane ynskjer å sende fleire representantar er det plass til totalt ti observatørar. Desse stiller med talerett, men utan forslags -og røysterett. Her er det snakk om å vere dei fyrste til å melde frå om ynskje av desse plassane. Kvar kommune får prioritert ein observatør fram til observatørplassane er fylt opp. Dersom det er ledige plassar ved påmeldingsfristen kan kommunar få fleire observatørplassar.
Val til Vestland ungdomsutval
På fylkesting for ungdom er det mogleg å stille til val til Vestland ungdomsutval. Nedre aldersgrense er 13 år og øvre aldersgrense er fram til fylte 19 år. Berre delegatar som kan stille til val.
Informasjon om arrangementet
Fylkesting for ungdom 2025 vert på Scandic Flesland i Bergen 7.–9. mars 2025. Arrangementet startar klokka 17 fredag og varer fram til klokka 14.30 søndag. Sakspapir med program vert sendt ut ca. 2 veker før.
Det er ein eigenandel på 3200 kr per deltakar, som dekker alt utanom reise. Avmelding etter fristen vert fakturert fullt ut.
Det vert lagt opp til dobbel- og trippelrom. Det er mogleg å komme med romønske, og vi vil tilpasse dette så langt det er mogleg. Ved behov for enkeltrom må kommunen sjølv dekke dette.
Påmelding
Delegat: Meld deg på som delegat til fylkesting for ungdom.
Observatør: Meld deg på som observatør til fylkesting for ungdom.
Påmeldingsfristen er 24. februar kl. 12.00.
Samtykke
Kvar kommune er ansvarleg for at sine delegatar har nødvendig samtykke til å delta på arrangementet.