Inkludering i arbeid- og samfunnsliv
Folkehelsenettverket Vestland inviterer til webinar der vi får vite meir om det nye Inkluderingsprosjektet i Vestland!
Våren 2024 starta Vestland fylkeskommune opp eit forprosjekt. Forprosjektet kom i stand basert på politiske signal, og vart jobba inn i årsplanen for 2024. Mandatet er: «Ta i bruk ressursane i heile befolkninga». Vestland skal utvikle ei strategisk satsing for å styrke inkludering og integrering i samfunnet.
Satsinga skal legge til rette for samspel mellom offentleg sektor, næringsliv, forsking- og utdanningssektoren og frivillig sektor. Vi skal forsterke eksisterande ordningar, og vidareutvikle nye tiltak der det er behov. Internasjonalt samarbeid er aktuelt. Det skal òg etablerast ein prosjektorganisasjon med deltaking frå dei ulike sektorane.
Arbeidet i forprosjektet har resultert i eit forslag til hovudprosjekt, der mål og aktivitetar er knytt opp til ulike arbeidspakkar. Føremålet med webinaret er å spreie informasjon om prosjektet til kommunane, men også høve til å kome med innspel til prosjektet.
Prosjektet vert presentert av Per Odd Grevsnes frå avdeling næring, plan og innovasjon