Webinar: folkehelsenettverket Vestland
Korleis er samanhengen mellom klimaendringar, naturøydelegging og helse?
Vestland fylkeskommune har i både planar, handlingsprogram og tiltak med tydeleg samaneheng mellom klima, miljø og folkehelse. Klimaplanen har blant anna mål om at Vestland skal vere ein pådrivar for ei rettferdig klimaomstilling til det beste for innbyggjarane. Samstundes treng ein meir kunnskap om korleis dette heng saman. Difor kjem Ernst Kristian Rødland frå FHI til webinaret for å fortelje om korleis klimaendringar og naturøydelegging påverkar menneske si helse.
Ernst Kristian Rødland er spesialist i infeksjonssjukdomar, overlege ved område klima og miljø hjå Folkehelseinstituttet og førsteamanuensis ved Senter for bærekraft i helseutdanningane, Det medisinske fakultet, Universitetet i Oslo.
Dette blir eit spennande webinar, så meld vidare til andre i din kommune!
Folkehelsenettverket Vestland er for alle som arbeider med folkehelse i kommunane, fylkeskommunen, Statsforvaltaren i Vestland, forskings- og utviklingsmiljø (FoU) og andre relevante aktørar i Vestland.