Folkehelsenettverket Vestland: Kurs i Samskapt Utvikling
Fremsam kjem til Bergen for å halde kurs i Samskapt utvikling for kommunar i Vestland!
«Samskapt utvikling» er ei vidareutvikling av Fremsam sitt «Brobyggerkurs», med et tydeleg fokus på utvikling av samarbeidskompetanse i møte med komplekse velferdsproblem.
Folkehelseutfordringer er komplekse problem som krev tverrsektorielt samarbeid. Dette kurset har mål å gje deltakarar auka kompetanse om lokale grep og ressurser for ei helsefremjande samfunnsutvikling. Gjennom auka kunnskap og praktisk erfaring i bruk av verkty for godt samarbeid og felles eigarskap, vil kurset bidra til kommunen si utvikling av fellesskapsverdiar.
Ta med samarbeidsprosjekt
Alle deltakarar skal ha med seg eit prosjekt som ein får mogleheit til å konkretisere på kurset. «Samarbeidsprosjektet» kan vere ei lokal utfordring, eit tema, eller eit avgrensa prosjekt som kommunen/fylkeskommunen treng å samarbeide på tvers av sektorer om. Kanskje det eksisterer allerede, eller er noko de ynskjer å samarbeide meir om etter kurset.
I tillegg til arbeid i grupper, består kurset av innlegg frå både praksis- og forskingsfeltet. Innleiarar kjem frå Fredrikstad kommune, KS, Samskapingslabben, OsloMet og Fremsam.
Målgruppa for kurset er tilsette i kommunar/fylkeskommune som arbeider med komplekse samfunnsutfordringar.
Les meir om kurset her: Kurs i Samskapt utvikling