Samarbeidskonferansen 2024 – Saman om nyskaping i Vestland
Vi ser fram til ein flott konferanse 31. oktober og 1. november. Konferansen er fullteikna med deltakarar frå heile Vestland og spennande innleiarar. Programmet er oppdatert, du kan sjå oppdateringane her. Velkomen til nettverksbygging og fagleg påfyll!
To dagar med engasjerande samtalar, nettverksbygging og samarbeid ventar deg. Vi håper å sjå deg på konferansen viss du jobbar med næringsutvikling i ein kommune eller i ein organisasjon som har samarbeidsavtale med Vestland fylkeskommune.
Dag 1 - Scandic Ørnen
kl. 11. 30 Lunsj og mingel
kl. 12. 15 Velkomen /avdelingsdirektør Bård Sandal
12:30 - 13:15 Bolk 1 Kraftfulle samarbeid og flaks
Vi har satt samarbeidsformer på agendaen for å vise kva for verktøy som ligg klare til bruk og kva som er best når. Nokre gonger ser det ut til at naboen har meir flaks enn vi sjølve. Men er det alltid sant? Her får du faglege innlegg og gode eksempel frå kommunar og næringsaktørar har nyttegjort seg av både tilfeldigheitar og moglegheiter gjennom samarbeid og gode verktøy.
Vi får i denne bolken høyre:
- Verktøykassa for samarbeid og nettverk - Beate Bergsholm, Vestland fylkeskommune
- Slik får vi til grøn maritim omstilling gjennom samarbeid - Håvard Tvedte, Maritime CleanTech
- Robotøya Osterøy - Tobby Sander Tomassen og Hjalti Gislason, Osterøy utvikling
- Panelsamtale: Osterøy Utvikling, Gloppen kommune, Austevoll kommune
13:15 - 13:45 Pause
13:45 - 15:05 Bolk 2 Eldrebølge og mangel på helsepersonell: Korleis skape moglegheiter og jobbe smartare
Endra samansetting av befolkninga gir nye utfordringar. Perspektivmeldinga seier at vi treng 180 000 personar meir i helse- og omsorgssektoren. Men det er kraft i ei krise. Vi treng innovasjon for å løyse oppgåvene smartare. Her får du ein smakebit på kva som skjer i Vestland knytt til innovasjon som kan nyttast i helse- og omsorgstenestene. Korleis kan regionalt næringsliv og innovasjon ta del i og møte kommunane si tenesteutvikling?
Vi får i denne bolken høyre om:
- Paradigmeskifte i eldreomsorga - Bettina Husebø, UiB
- Korleis bygge opp under økosystemet for helsenæring i regionen? - Berit Angelskår, Alrek Helseklynge
- Vi vil vere med å løyse problem! Privat og offentleg samarbeid for berekraftige helse- og omsorgstenester - Tone Skår, Norwegian Smart Care Cluster / Helse og innovasjonsselskapet Eitri
- Innovasjon på uformell omsorg, vinn-vinn med gründerskap? - Cecilie Bjelland, GiaH
- Korleis vere en helseinnoverande kommune? - Solrun Hauglum, Vaksdal kommune
- Samarbeid for e-helse - Aslaug Lunde, DigiVestland
- Panelsamtale: UIB, GiaH og Vaksdal kommune
15:05 - 15:35 Pause
15:35 - 17:10 Bolk 3 Nytt, nyttig og relevant
Vi får i denne bolken høyre om:
- Missions – Mette Nora Sætre, Vestland fylkeskommune
- Grøn region Vestland – Heidi Gaustad, Grøn Region Vestland
- Lansering av dashboard for verdiskaping i Vestland, Lene Borgen Waage, Vestland fylkeskommune
- Utviklingsplanen – Vidar Skeie, Vestland fylkeskommune
- Invest in Vestland – Charlotte Lem, InvestIn Vestland
- Hvorfor er det så vanskelig å lykkes sammen? - Therese Egeland, professor NHH
Pause kl. 17.10 - 18.45
18:45 - 19:15 Aperitif
19:15 Middag - Scandic Ørnen
___________________________________________________________________________________
Dag 2 - Vestlandshuset
Registrering i resepsjonen i Vestlandshuset må gjøres i god tid før møtestart. Navnelappene vil ligge klare til dere. Husk å scanne navnelappen ved innsjekk og utsjekk av Vestlandshuset. Resepsjonen er åpen fra kl 08:00.
Alle delene av arrangementet frem til lunsj foregår i 4.etasje i Vestlandshuset.
09:00 - 09:30 Samling i plenum i Veslandssalen
Dagen starter med en samling i plenum i Vestlandssalen før vi deler oss i parallellsesjoner i ulike møterom.
09:30 - 11:30 Parallelle sesjonar
Dag 2 er delt i tre parallelle sesjonar med samling i plenum før og etter. Påmelding til sesjonane vert sendt ut når vi nærmar oss konferansestart.
Sesjon 1: Forsking som verktøy i utviklinga av kommunar og næringsliv
Sesjon 2: Dei eller oss? Slik byggjer du ein god kultur gjennom god kommunikasjon
Sesjon 3: Frå første kontakt til riktig hjelp for dei som vil starte eller vidareutvikle bedrift: Samarbeid og henvisingskompetanse
- Forsking som verktøy i utviklinga av kommunar og næringsliv
Som innovasjonspådrivar vil du leite etter verktøy og verkemiddel som passar problemstilling og problemeigar. I denne workshopen skal vi
-
- vise konkrete verktøy for å avklare når det er behov for forsking i arbeidet med ein innovasjonsidé
- presentere grunnleggjande struktur i eit forskingsprosjekt og korleis dette vert fagvurdert
- lese, og saman vurdere ein forskingssøknad
- kort orientere om nokre regionale ordningar som kan gi støtte og finansiering til utvikling av innovasjonsforsking
Workshopen passar særleg for dei som legg til rette for innovasjon i næringsliv eller kommunal sektor, men vil også gi nyttig kunnskap til dei som sjølve skal utvikle slike prosjekt.
- 2. Dei eller oss? Slik byggjer du ein god kultur gjennom god kommunikasjon.
Endrar vi måten vi kommuniserer på, endrar vi også kulturen. Dette kan være kraftfullt både i organisasjonar og i samfunnet som heilheit. Men kvar startar vi?
I denne workshopen skal vi:- finne treffpunkta der vi kan skape ekte samarbeid og god kommunikasjon
- sjå eksempel på krafta i å klare å kommunisere enkelt, på tvers av målgrupper og bransje
- reflektere over kva vi har til felles, og kva som inspirerer oss
Organisasjonar med ein tydeleg, sunn kultur tiltrekker seg talent, beheld dei lenger, og skapar eit miljø der kreativitet og innovasjon trivast.
Vi bør difor bruke kommunikasjon strategisk saman med god kulturbygging for å drive positiv forandring. Blir du med?
3. Frå første kontakt til riktig hjelp: Samarbeid og henvisningskompetanse
Hjelper du dei som vil starte og vidareutvikle bedrift i din kommune? I denne workshopen får du oversikt over regionale aktørar som kan bidra til å styrke ditt tenestetilbod. Formålet med workshopen er a) å danne eit kollegialt fellesskap mellom alle som tilbyr førstelinjeteneste for gründerar i Vestland, og b) å styrke din henvisingskompetanse
Denne workshopen passer for deg som:
-
- Jobbar med næringsutvikling
- Jobbar med gründerar
- Jobbar i verkemiddelapparatet
Møt dei som kan hjelpe deg og dine gründerar vidare. Velkomne!
11:30 - 12:00 Oppsummering i plenum i Vestlandssalen
12:00 Lunsj i Agnes M i 3.etasje og vel heim!
Kvifor delta?
- Nettverksbygging: Skap verdifulle forbindelsar med dei dyktige folka og fagmiljøa i regionen.
- Fagleg påfyll: Lær frå innsiktsfulle presentasjonar og panelsamtalar som utforskar strategiar for næringsutvikling.
- Samarbeid: Finn nye moglegheiter for samarbeid og innovasjon saman med andre nøkkelaktørar.
Hald deg oppdatert
Besøk nettsida vår regelmessig for dei siste nyhenda og oppdateringane om konferansen.
Vi gler oss til å samarbeide med dykk for å fremje nyskaping i Vestland!
Praktisk informasjon
Vestland fylkeskommune betalar for konferansen. Deltakarar må sjølv ordne transport og overnatting. Scandic Ørnen har halde av rom til konferansen med avtalepris. Koden for avtalepris sendes per e-post. Frist for bestilling 20. september.
Har du spørsmål eller innspel? Ta kontakt med oss!