Plankonferansen 2024

Årets plankonferanse for Vestland blir arrangert 5. og 6. november. I år blir tema for konferansen er "Omstilling til bærekraft - planlegging for grøn næringsutvikling"

Konferanse blir arrangert i Bergen på Radisson Blu Royal Hotel som ligg på Bryggen. Arrangørar er Vestland fylkeskommune i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland.

God planlegging legg premiss for næringsutvikling i ei tid med store omstillingskrav og press på naturverdiar og allmenne interesser. Avgjerdene om tilrettelegging for grøn næringsutvikling skjer gjennom kommunane si planlegging.

På konferansen vil vi sette planlegging for grøn næringsutvikling i ein samanheng, mellom anna vil kommunen sitt handlingsrom og ansvar vere tema og det blir fokus på politikerrolla. Vi har og sett av tid til politiske kommentarar frå ordførarar i Vestland om grøn næringsutvikling, krav til omstilling og press på areal og natur. På dag to startar vi med tre parallelle sesjonar. I sesjon ein er tema masseforvaltning, i sesjon to fokuserer vi på kommunane si rolle i næringsutvikling og i tredje sesjon vil vi sjå på potensialet i planlegging for næringsutvikling. Vi avsluttar i plenum med aktuelle  døme frå kommunane i Vestland, status for areal i Vestland  og oppfølging av utviklingsplanen for Vestland.

Målgruppa er planleggarar, næringsutviklarar, kommunedirektørar og politisk leiing i kommunane. 

Program

Vert publisert her

Praktisk informasjon

Du kan no melde deg på plankonferansen,  Påmeldingsskjema

Frist for påmelding 7. oktober. 7. oktober er også fristen for å melde seg av.

Avgift

Vi dekker konferanseavgift (dagpakke to dagar og middag ein dag) for kommunar i Vestland.

OBS! Deltakarane må sjølv dekke kostnadar til reise og overnatting.

Deltakaravgift andre deltakarar:
Dagpakke           dag 1: kr 605,-
Middag               dag 1: kr 545,-
Dagpakke           dag 2: kr 605,-  
Total for heile konferansen kr 1755,-

Vi sender faktura for deltaking.

Ikkje- møtt avgift 
For avmelding etter påmeldingsfristen 7. oktober, må også kommunale deltakrar betale ikkje-møtt avgift, som svarar til det dei har meld seg på.

Overnatting

Deltakarar som treng overnatting bestiller og betaler sjølv hotellrom.

Vi har avtalepris med hotellet, Radisson Blu Royal Hotel Bergen. Bruk denne lenka. Bookinglink, lenke gyldig til 7. oktober.