Konferanse om Friluftslivets år 2025

I 2025 feirer vi Friluftslivets år! Markeringa er forankra i Stortingsmelding om friluftsliv (2016) og er eit nasjonalt markeringsår for friluftsliv som arrangerast kvart tiande år med støtte frå Klima- og miljødepartementet. Året er eit samarbeid mellom friluftslivsorganisasjonane, frivilligheita, friluftsråda, sentrale og lokale mynde, skular, næringsliv og einskildpersonar.

Er du og/eller organisasjonen din opptatt av

  • auka deltaking i naturvennleg friluftsliv? 
  • helsefremjande lokalsamfunn? 
  • inkludering og integrering?
  • godt samarbeid mellom kommunar og frivilligheita?
  • kunnskapsbasert arbeid med friluftsliv og inkludering?

Måndag 9.desember inviterer fylkeskommunen alle interesserte til fysisk samling i Bergen i høve markering av Friluftslivets år 2025 i Vestland. 

Målgruppe for samlinga er friluftslivsorganisasjonane, frivilligheita, friluftsråda, kommunar i Vestland, skular, næringsliv og einskildpersonar.

Formålet med samlinga er å informere og inspirere alle som er interesserte i å være med på markeringa, og som vil bidra til å auke den varige friluftslivsdeltakinga hjå dei som i dag ikkje deltek i friluftsliv, eller som deltek mindre enn dei sjølve ynskjer.

Du melder deg på ved å nytte påmeldingsknapp til høgre.

Deltakaravgifta på kr 150,- dekker lunsj på Vestlandshuset.

Program

08.30 Kaffe og vrimling

09.00 Velkomen v/Vestland fylkeskommune

09.20 Linda Øverli Nilsen, Norsk Friluftsliv
Løypemelding frå nasjonal prosjektleiar

09.40 Lisbet Dyrkolbotn, Bergen og Omland Friluftsråd
Aktivitetar i friluftslivets år 2025

09.50 PAUSE

10.00 André Marton Pedersen, Bergen og Hordaland Turlag 
Inspirasjon frå ein turveteran

10.35 Bjørn Egil Tollås
Universell utforming av friluftsområder

10.50 Gruppediskusjonar

12.00 LUNSJ

13.00 Sarah Anderson, PhD.
Inkluderingsarbeid i friluftsliv; korleis inviterer vi inn?

13.45 PAUSE

14.00 Gruppediskusjonar

15.10 Åge Avedal, Vestland fylkeskommune
Frivillig sektor i Vestland - kor står vi og korleis kan vi samarbeide for å få fleire med

15.30 Oppsummering

15.50 Vél heim