Klimathon2024

Korleis kan kulturarven vår vere del av løysinga på klimatilpassing? Bli med 16. og 17. oktober når det blir Klimathon på Haugesund folkebibliotek med klimatilpassing og kulturarv som hovudtema!

Kollasj med fire bilder som syner gruppearbeid, fleire båtar lagt til ved ein kai og ei kvinne som smiler.

Klimathon 2024 byr på to heile dagar med gruppediskusjonar, idéutveksling, fagleg påfyll og nye kjennskap frå heile landet!  

Er løysinga på klimakrisa kulturbasert?

Klimathon set søkjelys på klimatilpassing i norske kommunar – i 2024 retta mot ”kulturbaserte løysingar”. Vi har lenge forstått at vi må tilpasse kulturarven til klimaendringane, men kva er rolla til kulturarven og kulturlivet generelt når samfunnet skal tilpasse seg eit endra klima? Korleis kan forsking og forvalting lære av, og støtte, lokale kulturelle praksisar som både reduserer naturfarar, hjelper naturen og skapar sunne sosiale arenaar? 

På Klimathon 2024 samlar vi leiande klimaforskarar, forvaltinga, grunneigarar, og kultur- og klimapraktikarar frå heile landet for å utforske krysningpunktet mellom klimatilpassing og både den materielle og immaterielle kulturarven i Norge.

Vil du vere med og utvikle eit nytt område innan klimatilpassingsarbeidet?

To samankopla spørsmål dannar utgangspunkt for gruppearbeidet under arrangementet:

  1. Korleis kan den bygde materielle kulturarven tilpassast eit klima i endring?
  2. Korleis kan kulturelle praksisar og kunnskapar, og stadane desse skaper, vere del av klimatilpassinga?

Klimathon 2024 introduserer dermed eit nyskapande omgrep i klimaarbeidet – kulturbaserte løysingar – som eit motsvar på naturbaserte løysingar, der kultur og samfunn står i sentrum. På Klimathon 2024 vil vi diskutere viktige spørsmål om korleis kulturbaserte løysingar kan sjå ut, og kva for utfordringar dei kan løyse i arbeidet med klimatilpassing. Heile arrangementet er basert på kunnskapsdeling og problemløysing på tvers av fag og sektor.  

Program

Her er det førebelse programmet for Klimathon (pdf). Det blir stadig oppdatert når fleire detaljar kjem på plass.

Om Klimathon – ny innsikt og nye løysingar

Klimathon er eit hackathon-inspirert arrangement, der vi jobbar i tverrsektorielle grupper for å løyse utfordringar knytt til klimatilpassing i Noreg. Med grunnlag i spennande gruppeoppgåver arbeider vi fram nye løysingar og ny innsikt om komplekse tema. Resultata blir samla og formidla til deltakarar og andre interesserte i etterkant av arrangementet.

Målgrupper

Klimathon 2024 er ein stad for dialog og konstruktivt samarbeid der det er mogleg å samarbeide med nye kollegaer og utvide kontaktnettverk på tvers av sektor og fag.

Vi inviterer deg som jobbar med klimatilpassing og/eller kulturarv i kommunen, fylkeskommunen, andre offentlege etatar, forsking, bedrifter og frivillige organisasjonar til å halde av datoane og bli med på to dagar med gruppediskusjonar, idéutveksling, fagleg påfyll og nye kjennskap frå heile landet! 

Grupper og påmelding

Klimathon er særskilt designa for spesifikke føremål, og vi er avhengige av å kunne setje saman grupper på tvers av fag, sektor og geografisk representasjon. Vi kan derfor ikkje garantere plass på Klimathon 2024 før rett etter registreringsfristen.

Det vil vere eit tak på maksimalt 80 deltakarar for å kunne handtere alle aktivitetane på en strukturert måte. Vi gir beskjed om du har fått plass innan 15. september. Vert vi for mange påmeldte, vil vi prioritere deltakarar for å oppnå breiast mogleg samansetting av erfaring, sektor og forvaltningsnivå i gruppene. Deltakarar som registrerer seg tidleg vil verte prioritert der det er mogleg.

Praktisk informasjon

Gruppesamarbeidet er eit av dei viktigaste elementa i Klimathon-arrangementet. Pass på at du kan delta begge dagane før du registrerer deg. Det blir felles middag 16. oktober på Lothes for de som ønsker det (påmelding krevst).

Påmeldingsavgift

Gratis

Stad

Haugesund folkebibliotek 

Frist for påmelding

17. september

Overnatting og reise

Deltakarar bestiller sjølv reise og overnatting og dekker kostnader for dette. Vi har avtalt en god pris på følgjande hotell:

  • Thon Hotell. Prisen på 1445 kr (inkl. frokost) (single use) gjeld bestillingar fram til 1. september eller så lenge det er kapasitet. Du bestiller rom anten på telefon 52 86 28 00 eller per e-post saga@olavthon.no. Ved booking er det viktig å oppgi id-nummer 30358409 og nemne Klimathon.

  • Quality Hotel Maritim. Prisen på 1850 kr (single use) gjeld oppgraderte premium rom fram til 1. oktober eller så lenge det er kapastitet. Bestill rom her.

Merk at vi sjekkar alle rombestillingar mot registreringslista.

Elles tilrår vi også AirBnB. Det er mange fine stadar tilgjengeleg i nærleiken av Haugesund sentrum.