Ibby - presentasjon av årets bøker til barn og unge

Velkommen til årets kurs der dei ferske bøkene til barn og unge blir presenterte.

Det tradisjonsrike treffet i regi av Ibby – Norsk barnebokforum gir ein effektiv og god oversikt over bøkene som er aktuell for målgruppe, frå dei yngste til ungdom og unge vaksne. Foredragshaldarane tek med absolutt ALT som er gitt ut på norsk det siste året for å gi tilhøyrarane alle moglegheiter til å finne rett bok til rett barn til rett tid.

Du kan få med deg kurset på ulike måtar:

  • I Bergen torsdag 7. november frå 10.00-15.30 på Grand Hotel Terminus (heile dagen eller enkeltforedrag) 
  • I digital versjon frå 6.12 og tre veker framover
  • Dei som melder seg på heil dag 7. november får også tilgang til digital versjon om dei ønskjer det. (Påmelding fysisk deltaking eller digital tilgang)

I år blir presentert av kunst- og litteraturkritiker Anne Schäffer, forfattar og formidlar Pia Tveterås og barne- og ungdomsbokforfattar og litteraturformidlar Elin Hansson. 

Program i Bergen

09.00–10.00  Registrering og noko å bite i
10.00–11.00  Bildebøker ved Anne Schäffer
11.15–12.15  Faktabøker ved Anne Schäffer
12.15–13.15  Lunsj
13.15–14.15  Ungdomsbøker ved Elin Hansson
14.30–15.30  Barnebøker ved Pia Tveterås

Ibby Norsk barnebokforum er del av den internasjonale organisasjon Ibby – International Board on Books for Young People. Les meir om Ibby.