Frivilligkonferansen Vestland: Samskaping for inkluderande fritid

Kva skal til for at alle barn og unge får delta i fritidsaktivitetar? Korleis kan vi få auka frivillig engasjement – blant ungdom og eldre? Korleis kan frivillig, privat og offentleg sektor samskape og jobbe i lag om felles utfordringar?

Bli med på frivilligkonferansen i Bergen laurdag 28. september, der vi også skal signere Fritidserklæringa Vestland, den første regionale fritidserklæringa i landet!

Opptak

Du kan sjå opptak av konferansen på denne lenka.


Målgrupper

Konferansen er open for alle, men hovudmålgruppa er frivillige og tillitsvalde i frivillige organisasjonar. 

Praktisk

Konferansen er på Scandic Bergen City, Håkonsgaten 2, Bergen.

Påmelding

Påmeldingsfristen er 20. september. 

Pris

400 kr

Konferansier

Yousef Hadaoui, programleiar, komikar og skodespelar, er konferansier for årets frivilligkonferanse. Yousef er kjent frå humorserien Svart humor, Satiriks og andre program i NRK.

Program

Kl. 10.00: Velkomen til frivilligkonferansen

  • Indisk dans ved barn frå «Nirtiya Abinaya Indisk Klassisk Kulturskole»  
  • Velkomen ved fylkesvaraordførar Stian Davies

Kl. 10.20: Signering av Fritidserklæringa Vestland  

  • Helsing frå Vestland ungdomsutval
  • Kvifor treng vi ei fritidserklæring i Vestland? v/ Magnus Hesjedal Hartwig, leiar i ungdomsutvalet i Vestland idrettskrets  
  • Signering av Fritidserklæringa Vestland

 

Kl. 10.40: Helsing frå kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery

Kl. 11.00: Pause

Kl. 11.15: Tema: Utanforskap og inkludering. Korleis får vi med fleire i fritidsaktivitetar?  

  • Inkludering og deltaking i frivillige organisasjonar og sivilsamfunn - kva viser nyare forsking? 
    v/ Thomas Myksvoll, seniorforsker i NORCE, Norwegian Research Centre. Thomas si forsking har m.a. retta seg mot frivillig sektor, fritidskortordninga, utstyrssentralar, inkludering av barn og unge i organiserte fritidsaktivitetar og rekruttering av innvandrarar til organisasjonslivet
  • "Hvis vi bare får en mulighet, så kan vi alle bidra til fellesskapet" – om frivillig arbeid blant innvandrarar 
    v/ Kalaregy Drange, styremedlem i Vestland innvandrerråd og Frivillighetsutvalget i Bergen kommune og mangeårig frivillig
  • «Er tilrettelegging så vanskeleg?» Om hindringar, utfordringar og tilrettelegging med enkle grep for barn og unge med nedsett funksjonsevne 
    v/ Lene Nilsen, styremedlem i FFO Vestland, mangeårig frivillig og no gruppeleiar, trenar og dommar i turn og handball i Eikelandsosen IL

Kl. 12.00: Lunsj

Kl. 13.00: Tema: Unge og eldre som deltakarar og frivilligressursar 

  • Ung medbestemming og ung frivilligheit i idretten
    v/ Sara Stokken Rott, styremedlem i Norges idrettsforbund og Magnus Hesjedal Hartwig, leiar i ungdomsutvalet og styremedlem i Vestland idrettskrets
  • Korleis jobbar turlaget med inkludering av ulike grupper. Korleis brukar vi eldre som frivilligressurs, og på kva måte gjev dette gode ringverknader for alle partar?
    v/ Sigrid Kvåle Myksvoll, som jobbar med å koordinere friluftsaktivitetar i Bergen og Hordaland Turlag, med særleg fokus på folkehelse, nærmiljøaktivitet og inkludering
  • Inkludering og medverknad frå barn og unge i fritidsaktivitetar
    v/ Ingibjôrg Jonasdottir, prosjektleiar i ALLEMED – den nasjonale dugnaden for at alle barn og unge kan delta i fritidsaktivitetar

Pause

Kl. 14.00: Tema: Samskaping for inkludering

  • Samskaping for meiningsfylt fritid på tvers av generasjonar – kva kan vi få til, når alle vil?
    v/ Lisbeth Iversen, leiar for samskapingsnettverket «Med hjerte for Arendal» og tidlegare byråd i Bergen 2003-2013. Lisbeth er også i sluttfasen av sin doktorgrad om medverknad i planlegging, samskaping, placemaking, stedsledelse, demokrati og berekraft
  • Samtale mellom innleiarar: Korleis kan vi skape inkluderande fritidsmiljø?

Kl. 14.50: Takk for i dag!

Kl. 15.00: Slutt for dagen

Arrangørar

  • Vestland fylkeskommune
  • Vestland Musikkråd
  • Vestland Idrettskrets
  • Forum for Natur og Friluftsliv
  • Vestland Innvandrerråd
  • Vaksenopplæringsforbundet Vestland
  • Vestland Frivilligsentralar
  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) Vestland
  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO)