Samling i Frisklivsnettverket
Frisklivsnettverket er felles arena for erfaringsutveksling og kompetanseheving for tilsette i Frisklivssentralane i Vestland. Bli med på samling!
Samling i frisklivsnettverket Vestland blir fredag 13. september på Vestlandshuset i Bergen.
Programmet for dagen blir sett saman av representantar frå Vestland fylkeskommune, utviklingssentralane i Vestland (Askøy og Bergen) og Statsforvaltaren i Vestland. Detaljert program blir lagt ut i august.
Deltakaravgifta på kr 150,- dekker lunsj på Vestlandshuset.
Vestland fylkeskommune dekker éi overnatting for inntil to personar frå kvar frisklivssentral/kommune.
Vilkår
- Frisklivssentralen/kommunen har 2,5 time eller lenger reiseveg til samlinga
- Rimeleg (-aste) overnattingsalternativ
- Frisklivssentralen/kommunen sender stadfesting på booking av overnatting til turid.skrede@vlfk.no
Utbetaling
Frisklivssentralen/kommunen sender faktura til Vestland fylekeskommune merka med «overnatting samling i frisklivsnettverket Vestland» og ressursnummer 42688.