Webinar i folkehelsenettverket Vestland
Velkommen til webinar der vi ser nærmare på sosial berekraft i plandokument i kommunar i Vestland fylke
Sosial berekraft er eit nyord innan folkehelsearbeidet. Rapporten skildrar korleis omgrepet sosial berekraft vert nytta i kommunale plandokument i Vestland fylkeskommune. Rapporten byggjer på ein dokumentanalyse frå prosjektet «Sosial berekraft i Vestland», som er utført av forskarar ved Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL) hjå Universitetet i Bergen og finansiert av Vestland fylkeskommune.