Å skape kultur for lesing - biblioteket som ressurs i skulen

Bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune inviterer til erfaringskonferanse om skulebibliotekutvikling i Bergen 30. oktober.

På konferansen vil vi sjå på korleis skulebiblioteket kan vere ein ressurs i leseopplæringa og i arbeidet med å stimulere til leselyst og leseglede. Eit utval prosjektkommunar deler erfaringar frå arbeidet med skulebibliotekutvikling, og vi får fagleg oppdatert kunnskap om elevane sine lesevanar ved Astrid Roe. Roe har lang erfaring frå arbeid med lesedelen i PISA og har forska på haldningar til lesing blant norske skuleelevar. Ho har skrive ei rekkje bøker om lesing.

I Vestland har 14 kommunar fått tilskot frå Utdanningsdirektoratet til skulebibliotekutvikling sidan ordninga vart oppretta i 2018, nokre av kommunane fleire gonger. Gjennom desse åra er det opparbeidd mykje kunnskap om utvikling av skulebibliotek i fylket. Fleire av kommunane har etablert tettare samarbeid mellom skule og folkebibliotek i prosjektperioden, og nokre har knytt satsinga til kombinasjonsbibliotek (felles folke- og skulebibliotek).

Målgruppa for konferansen er kommune- og skuleleiarar, lærarar, skulebibliotekarar og tilsette i folkebibliotek. Konferansen er for alle som er interesserte i skulebibliotekutvikling, både kommunane som har fått Udir-midlar og dei som berre ønskjer fagleg påfyll og inspirasjon.

Program

10.00     Velkomen v/ Elin Golten, einingsleiar for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune
10.05     Elevenes lesevaner endrer seg – hvordan møter vi utfordringene, og hvordan kan skolebiblioteket bidra? v/ Astrid Roe, tidlegare seniorforskar ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking ved Universitetet i Oslo

10.50     Pause

11.00     Å skape ein lesekultur – Biblioteket ved Årstad vidaregåande skule, Årets bibliotek 2023 v/ David Kvamme Høvik, litteraturformidlar og bibliotekansvarlig
11.20     Skulebiblioteket som pedagogisk ressurs i Austevoll kommune v/Brit Trellevik, rådgjevar oppvekst, skule og barnehage

11.35     Lunsj

12.30     Tverrfagleg samarbeid for skulebiblioteka i Bømlo kommune v/ Ingrid Leithaug Mjanger, skulebibliotekkoordinator
12.45     Skulebibliotekutvikling i Sunnfjord kommune v/ Bente Lund Hawkes, prosjektmedarbeidar og bibliotekar ved Sunnfjord bibliotek
13.00     Kafédialog med erfaringsdeling frå prosjektkommunar   

14.00     Pause med kake/frukt   

14.15     Kafédialog med erfaringsdeling frå prosjektkommunar
15.00     Skulebibliotekplakaten - Ei arbeidsgruppe med representantar frå Austevoll, Bømlo, Fitjar, Sogndal, Solund, Sunnfjord og Sveio har utarbeidd framlegg til ein minstestandard for skulebibliotek som skal til behandling i kommunane.
15.20     Oppsummering og avslutning

Med atterhald om endringar

Praktisk 

  • Tidspunkt: 30. oktober kl. 10-15.30
  • Påmeldingsfrist: 17. oktober
  • Deltakaravgift: 300 kr.
  • Overnatting - om du treng dette bestiller du sjølv direkte på hotella si nettside. Vi har ordna rabattert pris på Terminus, Heimen og Zander K.
    Nettside for hotellbooking 
    • Enkeltrom inklusive frukostbuffet: 1050,- inkl. mva. per døgn.
    • Dobbeltrom inklusive frukostbuffet: 1250,- inkl. mva. per døgn
    • Kode for booking: 445