Ein mangfoldig og inkluderande arbeidsplass

Hos oss jobber det ulike menneske med forskjellig kompetanse- og utdanningsbakgrunn. Stillingane våre har ulike krav til kompetanse og eigenskapar, og det er mange jobbar å velje mellom.

tilsette får gavepose fra fylkesdirektøren i resepsjonen av fylkeshuset i leikanger

Som ein av dei største arbeidsgjevarane på Vestlandet, med over 6000 tilsette, seier det seg sjølv at du vil finne ein jobb som passer for deg her hos oss. Generelt er vi på utkikk etter deg som 

  • trivst i eit miljø med endring og utvikling
  • tar ansvar
  • identifiserer deg med verdiane våre

Mangfald, likeverd og inkludering

Vestland fylkeskommune skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av merkelappar og kategoriar som kjønn, nasjonalitet, religion, funksjonsnivå, seksuell legning, alder, hudfarge eller geografisk tilhøyrigheit. Du skal vere trygg på at vi arbeider målretta for å unngå diskriminering på arbeidsplassen.

I Vestland fylkeskommune jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling både i og utanfor eigen organisasjon. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel – alle faktorar som er viktige for oss. Vi arbeider aktivt for at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

«Likestilt arbeidsliv»-sertifisering

Vi har vedteke å gjennomføre sertifiseringa «Likestilt arbeidsliv» våren 2024. Sertifiseringsordninga skal gjere det enklare å arbeide systematisk for mangfald, inkludering og likestilling.