Frå fagarbeidar til yrkesfaglærar? Ja, det kan du!
Har du fagbrev og erfaring frå arbeidslivet? Då sit du på kunnskap elevane treng.
Som yrkesfaglærar får du bruke faget ditt på ein ny måte. Du får lære opp ungdom, dele erfaringar frå arbeidslivet og bidra til at fleire får ein god start i yrkeslivet.
Aldri før har så mange unge søkt seg inn på yrkesfag i dei vidaregåande skulane i Vestland. No treng vi fleire fagfolk som vil lære frå seg.
Usikker på om du kan bli yrkesfaglærar? Ta kontakt med oss!
Finn ei stilling som passar faget ditt
Elektro og datateknologi
- Yrkesfaglærar ved Førde vidaregåande skule
Stad: Høyanger
Søknadsfrist: 5. juni - Yrkesfaglærar ved Førde vidaregåande skule
Stad: Førde
Søknadsfrist 7. juni
Teknologi- og industrifag
- Yrkesfaglærar ved Kvinnherad vidaregåande skule
Stad: Husnes, Kvinnherad
Søknadsfrist: 7. juni - Yrkesfaglærar ved Flora vidaregåande skule
Stad: Florø
Søknadsfrist: 8. juni - Yrkesfaglærar ved Fusa vidaregåande skule
Stad: Eikelandsosen
Søknadsfrist: 8. juni
Bygg- og anleggsteknikk
Handverk, design og produktutvikling
Restaurant- og matfag
Kva er ein yrkesfaglærar?
Ein yrkesfaglærar underviser elevar i vidaregåande skule innan sitt fagområde. Det kan til dømes vere bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag eller restaurant- og matfag.
Du treng ikkje vere lærar frå før. Har du fagbrev og relevant arbeidserfaring, er du godt på veg. Den pedagogiske utdanninga kan du ta medan du jobbar.
Difor bør du vurdere å bli yrkesfaglærar
Som yrkesfaglærar får du:
- bruke faget ditt kvar dag
- dele erfaringa di med ungdom
- bidra til å utdanne framtidige fagarbeidarar
- vere med på å styrke rekrutteringa til faget ditt
- utvikle deg både fagleg og personleg
- ta pedagogisk utdanning medan du jobbar
Kan dette vere aktuelt for deg?
Du kan vere aktuell som yrkesfaglærar dersom du:
- har fagbrev eller tilsvarende kompetanse
- har relevant arbeidserfaring
- liker å jobbe med ungdom
- ønsker å dele kunnskapen din
Utdanninga kan du ta fleire stader i Noreg. Sjå utdanningar og studiestadar på utdanning.no
– Eg visste ikkje at eg kunne bli lærar
Finn hadde jobba med faget sitt i mange år før han fekk høyre at han kunne bli yrkesfaglærarar. No underviser han i vidaregåande skule, og trivst godt i den nye rolla.
– Å jobbe med ungdom gir meg mykje. Eg får gi elevane råd og rettleiing, følgje utviklinga deira og sjå at dei lukkast, seier Finn.