Søk midlar til nordiske prosjektsamarbeid (NORA)

NORA lyser ut støtte til samarbeid mellom dei fire medlemslanda Grønland, Island, Færøyane og kyst-Noreg to gonger i året.

NORA er ein organisasjon som skal vere agendasettande, allianseskapande og prosjektstøttande. Det er høve til å søkje prosjektmidlar frå NORA, med to årlege søknadsfristar. Her finn du informasjon om utlysinga våren 2024. Søknadsfristen er 4. mars.

Webinar 8. februar

NORA arrangerer i samband med vårens søknadsrunde eit webinar om støtte frå NORA. Webinaret blir halde 8. februar.

Du kan lese meir om webinaret på nettsidene til NORA.

Mellomstatleg organisasjon

NORA er ein mellomstatleg organisasjon under Nordisk Ministerråd sitt regionalpolitiske samarbeidsprogram. NORA blir finansiert av Nordisk Ministerråd, supplert med eit nasjonalt bidrag frå dei fire deltakarlanda. Vestland fylkeskommune er med i NORA gjennom medlemskapet i Vestlandsrådet.

NORA skal bidra til vekst i regionen mellom anna gjennom å styrke samarbeidet mellom bedrifter og forskings- og utviklingsorganisasjonar på tvers av landegrensene. Hovudlinene i NORA sitt arbeide vert fastsett av komiteen gjennom fleirårige strategiplaner og årlege handlingsprogram.

Prioriterte område i gjeldande strategi er; bioøkonomi, berekraftig reiseliv, sirkulærøkonomi, transport, energi og lokalsamfunn.

Sjå  NORA si heimeside: www.nora.fo for meir info om prosjektstøtte og aktivitetar.