Internasjonalt kommunenettverk Vestland

Nettverk for kommunar, regionråd og andre samfunnsaktørar som ønsker å samarbeide med europeiske partnarorganisasjonar.

Internasjonalt kommunenettverk Vestland

Dette er eit nettverk for kommunar og regionråd som ønsker å bruke internasjonalt samarbeid og EU/EØS-program som verkemiddel i lokalt og regionalt utviklingsarbeid, som reiskap til ny kunnskap, god praksis, metodar og nettverk. Målsettinga er å skape ein plattform for erfaringsutveksling og kompetansebygging om korleis ein kan nytte desse verkemidlane. Nettverket blei etablert i 2018, fylkeskommunen er koordinator og har eigne EU-midlar som blir lyste ut i  nettverket.
Gruppa har jamlege samlingar, og program for desse finn du nedst på denne sida.

Felles europeiske utfordringar

Utviklingsplan for Vestland 2020–24 og Strategi for internasjonalt samarbeid 2020–24 peiker begge på at internasjonalt samarbeid er viktig for å nå måla med å utvikle Vestland til ein berekraftig og nyskapande region. Vi står ovanfor felles globale samfunnsutfordringar og det er naudsynt å samarbeide for å finne nye og betre løysingar. Deltaking i EU-/EØS-prosjekt og anna europeisk samarbeid er nettopp ein arena for dette, både gjennom digitale og fysiske prosjektmøte og -aktivitetar.

Målgruppe og tema

Nettverket er for tilsette i kommunar og regionråd som ønskjer å nytte av europeiske samarbeid i sitt utviklingsarbeid. Det passar både for deltakarar med og utan tidlegare erfaring med EU-prosjekt og internasjonalt samarbeid. På møte med særskilte tema blir også andre aktuelle deltakarar inviterte inn.

Kommunane/regionråda/andre aktørar bestemmer prosjekttema ut frå eige ønske og behov. Til dømes står grønt skifte, digitale løysingar, reiseliv, helse, næringsutvikling og sosial inkludering høgt på den politiske agendaen både i EU og Noreg. Utlysingane i EU-programma er i tråd med dette, og legg samstundes vekt på at lokalt og regionalt tverrsektorielt samarbeid er naudsynt for å løyse framtidas utfordringar.

Prosjekttypar

EU-programma støttar både enkle og større prosjekt. I nettverket har vi lagt spesiell vekt på korleis Erasmus+-programmet kan brukast i utviklingsarbeid, både i fleirårige prosjekt og i mindre mobilitetsprosjekt med korte besøk og/eller digitale møte med europeiske  partnarar. Dei fleste som deltek i nettverket har til no starta med mobilitetsprosjekt. På samlingane presenterer vi og andre typar EU-/EØS-program og prosjekttypar etter behov og når det er aktuelt.

Utlysing av EU-midlar

Fylkeskommunen lyser ut midlar til "Tverrsektorielle samarbeidsprosjekt". Dette er del av ei større løyving som fylkeskommunen har fått innanfor Erasmus+-programmet. Formålet er å styrke lokalt og europeisk samarbeid om å utvikle kompetanse og opplæringstilbod i tråd med lokale behov. Midlane finansierer korte besøk og digitale møte med europeiske partnarorganisasjonar for utveksling av erfaringar, god praksis og metodar. Prosjekttema kan vere innanfor dei fleste av kommunane/regionråda sine ansvarsområde; til dømes reiseliv, lokalmat, helse, akvakultur, grøn vekst, energi, digitalisering, inkludering med meir. Her finn de meir informasjon om midlane og søknadskjema. Det er løpande søknadsfrist. 

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse – HK-dir - er nasjonalkontor for Erasmus+ programmet. Grunna nyleg omorganisering (sommar 2021) er det førebels lite informasjon om programmet der. Her informasjon om mobilitetsprosjekta frå Erasmus+ Programme Guide.

Nettverket legg opp til både digitale og fysiske samlingar som er retta inn mot å få sendt inn søknadar til ulike fristar.  Viktige punkt på samlingane er gjennomgang av aktuelle EU-program, eksempel på prosjekt (god praksis), korleis bygge lokale og europeiske partnarskap, utvikle prosjekt og skrive søknadar.

Internasjonalt kommunenettverk samling 08. og 15. september 2021. Ny søknadsrunde til Erasmus+ Tverrsektorielle samarbeidsprosjekt (mobilitetsprosjekt) – alle tema

Kl. 10.00 Velkomen og innleiing
Kathrin Jakobsen, seksjonssjef forsking, kompetanse og internasjonalisering (FKI)
Kl. 10.10 Erasmus+ i tre tinn – tverrsektorielle samarbeidsprosjekt v/Arne Monrad Johnsen, seniorrådgjevar, FKI
Kl. 10.20 Eksempel frå gjennomførte Erasmus+ prosjekt
Kl. 10.30 Informasjon om ny søknadsrunde og gjennomgang av søknadsskjema
Marit Einen, seniorrådgjevar, FKI
Kl. 10.50 Bli med på European Week of regions and cities!
Anna Lygre Solvang og Merete Mikkelsen (leiar) v/ Vest-Norges Brusselkontor
Kl. 11.00 Spørsmål
Kl. 11.15 Slutt

Internasjonalt kommunenettverk samling 17. mars 2021 - Tema: Reiseliv

Program

Kl. 10.00 Velkomen og innleiing
Kathrin Jakobsen, seksjonssjef forsking, kompetanse og internasjonalisering (FKI), Vestland fylkeskommune
Kl. 10.10 Reiselivsprosjekt med Erasmus+
Jostein Eitrheim, leiar, Hardangerrådet
Kl. 10.20 Erasmus+ i tre tinn – tverrsektorielle samarbeidsprosjekt (PDF)
Arne Monrad Johnsen, seniorrådgjevar, FKI
l. 10.30 Erasmus+prosjekt for reiselivet i Sogn? (Erasmus+ i tre trinn - bilete 2) (PDF)
Ståle Brandshaug, leiar, Visit Sognefjord
Kl. 10.40 Handlingsplan reiseliv og framtidige utfordringar - rekruttering og kompetanse mm. v/Endre Høgalmen, seksjonssjef naturressursar, landbruk og reiseliv, Vestland fylkeskommune
Kl. 10.50 Vidaregåande skule– internasjonalt samarbeid om rekruttering og kompetanseutvikling (PDF) v/Trond Remme, internasjonal koordinator, Voss vidaregåande skule og Voss gymnas
Kl. 11.00 Sustainable tourism in Slovenia (PDF)
Helena Cvenkel, Director for research and development, BSC Kranj, Regional Development Agency of Gorenjska (Slovenia)
Kl. 11.10 Utlysing av Erasmus+ midlar (PDF)
Marit Einen, seniorrådgjevar, FKI
Kl. 11.20 Neste steg og spørsmål
Kl. 11.30 Slutt

Internasjonalt kommunenettverk Vestland  - samling 10. desember 2020 - Tema: Ny programperiode Erasmus+ 2021-2027

Program

10.30 Velkomen og utvikling av temabaserte samlingar i nettverket v/seksjonsleiar Kathrin Jakobsen, Vestland fylkeskommune (VLFK)
10.40 Døme på Erasmus+ tverrsektorielt gruppeprosjekt: Erfaring frå reiselivsprosjekt i Slovenia (PDF) v/ leiar Jostein Eitrheim, Hardangerrådet. Kort innleiing v/ Arne Monrad Johnsen, seniorrådgivar, VLFK
11.00 EARLALL - European Association of Regional and Local Authorities for Lifelong Learning -Tenester og samarbeid - Gå  til nettsida) v/ leiar Noelia Cantero. VLFK er medlem 
11.10 Kort om «Green Deal» i politikk og prosjekt (PDF) v/ leiar Merete Mikkelsen, Vest-Norges Brusselkontor
11.20 Erasmus+ programmet 2021-27 og utlysing av Erasmus+ prosjektmidlar (PDF) via fylkeskommunen v/ Marit Einen, seniorrådgivar, VLFK  
11.40 Innspel til relevante tema i nettverket framover v/ Barbara Harterink, seniorrådgivar, VLFK
11.50  Avslutning  og vegen vidare v/ Kathrin Jakobsen
12.00 Slutt

 

 

Aktuelle tema for kommunane har til no vore innan:

  • helse og omsorg
  • lokalsamfunnsutvikling
  • entreprenørskap
  • reiseliv
  • grøn vekst
  • akvakultur
  • klimautfordringar
  • skule- og bibliotekutvikling
  • vaksenopplæring, ungdomsarbeid
  • integrering og inkludering

Fleire tema og ulike partnarskap er aktuelle ut frå målsettinga med dei ulike programma. Det er og særs viktig at prosjekta er godt forankra i kommuneleiinga.

Tverrsektorielle samarbeidsprosjekt – finansiering
Det blir gitt tilsegn etter faste EU-satsar, som blir rekna ut etter kva det er søkt om. Midlane dekker omlag 80-100 % av reise- og opphaldsutgiftene. Det er ikkje midlar til løn.

  • Opphald/hospitering
    Satsar per person, per dag for reiser til:
    Group 1: Denmark, Luxembourg, United Kingdom, Iceland, Sweden, Ireland, Finland, Liechtenstein - 180 Euro
    Group 2: Netherlands, Austria, Belgium, France, Germany, Italy, Spain, Cyprus, Greece, Malta, Portugal -160 Euro
    Group 3: Slovenia, Estonia, Latvia, Croatia, Slovakia, Czech Republic, Lithuania, Turkey, Hungary, Poland, Romania, Bulgaria, Rep. of North Macedonia, Serbia – 140 Euro
  • Reiseutgifter – faste satsar: 
    Per person frå Noreg t.o.m. Nord-Italia: 275 Euro tur/retur.
    Til Sør-Europa 360 Euro tur/retur