REGALE

REGALE - Regional capacity for Adult Learning and Education, er eit Erasmus+ prosjekt som skal styrke vaksenopplæringa i kommunar, vidaregåande skular og i frivillige organisasjonar.

Hovudmål med prosjektet

  • Styrke dialog og samarbeid mellom regional og lokal vaksenopplæring
  • Utvikle nettverk og samarbeidsstrukturar med sivil sektor og arbeidsliv
  • Inkludering, med særleg vekt på å styrke opplæringa for innvandrarar med mål om å kvalifisere dei til auka deltaking på arbeidsmarknaden

Prosjektet bygger mellom anna vidare på arbeidet som er gjort i Vestland med å bruke EU-midlar som verkemiddel for kompetanseheving innan vaksne si læring.

Prosjektet er delt inn i fleire arbeidspakkar:

1. Spørjeundersøking om kva tilsette i sektoren synest om tilhøva for vaksenopplæringa (2021)

2. Innsamling av god praksis frå alle regionane – fokus på overføringsverdi (2021)

3. Ulike opplæringstiltak 2021-22 (capacity building activities and peer learning). Seminar eller webinar i utvalde deltakarregionar. Vestland er vertskap for eit opplæringsseminar våren 2022.

4. I perioda frå april 2022 til mars 2023 har Vestland ansvar for ein pilot som skal utvikle strukturert samarbeid mellom regionalt og lokalt nivå og frivillige organisasjonar, og sette i gang ulike kompetansebyggande tiltak.

5. Resultat: Utvikle “Road Map towards a learning region / city (Policy impact)

Du kan lese meir om REGALE-prosjektet på EAEA sine heimesider.   

Her kan du lese meir om aktivitetar i prosjektet på nettsidene til REGALE.

Prosjektleiar er European Association for the Education of Adults (EAEA) i samarbeid med European Association for Regional and Local Authorities for Lifelong Learning (EARLALL) der Vestland fylkeskommune er medlem. Til saman deltek regionale og lokale myndigheiter og frivillige vaksenopplæringsinstitusjonar frå ti europeiske land.

Vestland deltek med avdeling for kultur, idrett og inkludering, i fagleg samarbeid med avdelingane innovasjon og næringsutvikling, og opplæring og kompetanse.

Voksenopplæringsforbundet (VOFO) er observatør.