Erasmus+-midlar til kompetanse-, nærings- og lokalsamfunnsutvikling

Ønsker de å reise til regionar i Europa for å få fagleg påfyll og ny kompetanse i arbeidet med å utvikle Vestland? Vestland fylkeskommune lyser ut EU-midlar til tverrsektorielt lokalt og europeisk samarbeid om å styrke opplæring og kompetanse i tråd med behova i arbeidslivet

Vi meiner det er viktig å hente inspirasjon også frå stadar og fagmiljø utanfor Noreg. Vi meiner òg at det gir ekstra læring og betre resultat om fleire organisasjonar frå lokalsamfunnet/regionen reiser saman. Fylkeskommunen har difor søkt og fått midlar til tverrsektorielle lokale samarbeidsprosjekt frå EU-sitt Erasmus+-program. Gjennom ordninga vil vi stimulere samfunnsaktørar i Vestland til å møte europeiske aktørar for å utveksle røynsler og kompetanse, sjå nye løysingar og moglegheiter, og ikkje minst styrkje europeisk fagsamarbeid.

Prosjekttype

Opphald/hospitering hos europeisk samarbeidsorganisasjon for tverrsektorielle grupper (staff-mobilitet) eller kurs.

Vilkår for støtte

  • Kommune, regionråd eller annan aktør (etter avtale med fylkeskommunen) set saman ei lokal samarbeidsgruppe og søker og koordinerer prosjektet på vegne av denne (prosjektansvarleg).
  • Samarbeidsgruppa bør ha med tilsette frå kommunar/regionråd, vidaregåande skular-yrkesfag/fagskule (absolutt krav), næringsliv og gjerne også frå frivillig sektor.
  • Utanlandsopphaldet skal planleggast i samarbeid med ein europeisk organisasjon (hovudmottakar). Fylkeskommunen kan ev. hjelpe til med å finne europeisk samarbeidspartnar.
  • Samarbeidsgruppa deltek på same reise og utviklar ei plattform for lokalt samarbeid i etterkant.
  • Prosjekttema skal vere innanfor kommunane/regionråda sine ansvarsområde som også har tilknyting til eit eller fleire yrkesfag: t.d. reiseliv, lokalmat, næringsutvikling, helse og omsorg, folkehelse, miljø, bygg og anlegg, design, akvakultur, grøn omstilling, energi og digitalisering.
  • Kvart mobilitetsprosjekt må ha minst tre norske deltakarar og gjennomføre eit fagleg program på minimum to-fire (arbeids)dagar.
  • Det er eit absolutt krav at vidaregåande skule-yrkesfag og/eller fagskule er med i samarbeidsgruppa.
  • Prosjektet skal vere forankra i «Berekraftig Verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling 2021 - 2033»

Finansiering

Midlane blir tildelte etter faste EU-satsar og dekkjer omlag 80 til 100 prosent av utgifter til reise/hospitering til ulike europeiske land, etter tal deltakarar, lengde på opphald og reiselengde. Midlane dekkjer ikkje løn. Sjå EU-satsane nedst på sida.

Dette tilbyr fylkeskommunen

Fylkeskommunen tilbyr råd og støtte i arbeidet med søknad og prosjektgjennomføring. Ta gjerne kontakt med oss for rådgjeving og samarbeid!

Vi koordinerer også Internasjonalt kommunenettverk Vestland som er spesielt retta mot å nytte Erasmus+ som verkemiddel i kommunalt og regionalt utviklingsarbeid. Nettverket arrangerer fleire samlingar og er ope for alle kommunar, regionråd og utvalde samfunnsaktørar. 

Satsinga er forankra i Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling 2021–2033 og Strategi for internasjonalt samarbeid 2020–24.

Det blir gitt tilsegn etter faste EU-satsar, som blir rekna ut etter kva det er søkt om.

Mobilitet: Reiser/hospitering

  • Land – opphald/hospitering 
    Finansiering per person, per dag ved reiser til:
    Gruppe 1: Denmark, Luxembourg, United Kingdom, Iceland, Sweden, Ireland, Finland, Liechtenstein - 180 Euro
    Gruppe 2: Netherlands, Austria, Belgium, France, Germany, Italy, Spain, Cyprus, Greece, Malta, Portugal -160 Euro
    Gruppe 3: Slovenia, Estonia, Latvia, Croatia, Slovakia, Czech Republic, Lithuania, Turkey, Hungary, Poland, Romania, Bulgaria, Rep. of North Macedonia, Serbia – 140 Euro
  • Reiseutgifter: Per person frå Noreg t.o.m. Nord-Italia 275 Euro t/rt.  Til Sør-Europa 360 Euro tur/retur