Søk midlar til praksisopphald og kompetanseutvikling gjennom Erasmus+

Via fylkeskommunen kan du søke om midlar til læringsopphald i Europa for yrkesfagelevar og lærlingar, jobbskygging eller kursdeltaking for tilsette på yrkesfagskule eller i lærebedrift, eller for å invitere ein ekspert frå utlandet til Noreg.

Kven kan søkje?

Yrkesfagskular, opplæringskontor eller lærebedrifter.

Kva kan du få støtte til?

De kan få støtte til reise, kost og losji, og kursavgift i samband med aktivitetar som:

  • Praksisopphald i Europa for yrkesfagelevar (YFF)
  • Lærlingar kan ta deler av læretida si i Europa
  • Yrkesfaglærarar og opplæringsansvarlege kan jobbskygge eller undervise i ulike yrkesfagskular eller bedrifter i Europa
  • Yrkesfaglærarar og opplæringsansvarlege kan delta på kurs i Europa
  • Skulen, opplæringskontoret eller lærebedrifta kan invitere ein ekspert frå utlandet til Noreg

Nærare forklaring på godkjende læringsaktivitetar finn du nedst på sida under overskrifta «Godkjende aktivitetar i Erasmus+».

Gode grunnar til å delta i Erasmus+

  • Du vil få arbeidserfaring i eit internasjonalt miljø
  • Du vil få utvida fagkunnskap
  • Du vil få utvida interkulturell kompetanse og erfaring
  • Du vil få utvida språkerfaring
  • Du vil få inspirasjon og motivasjon, og bidra til kvalitetsutvikling i undervisning og opplæring
  • Du får moglegheit til å utveksle erfaringar og kunnskap med kollegaer i ein internasjonal kontekst

Slik søkjer du

For å delta i fylkeskommunen sitt Erasmus+prosjekt for fag- og yrkesopplæring sender de ein forenkla søknad m/vedlegg til oss. 

Søknadsfrist er måndag 5. februar 2024

Vedlegg som må følgje med søknaden er signaturskjema.

Erasmus+ er verdas største utdannings- og opplæringsprogram, og gjer det mogleg å søke om midlar til å gjennomføre ulike aktivitetar som bidreg til kvalitet og utvikling i opplæringssektoren gjennom europeisk samarbeid.

Erasmus+ støttar mobilitet (utveksling) og samarbeidsprosjekt i heile utdanningsløpet; barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring, høgare yrkesfagleg utdanning, høgare utdanning og vaksenopplæring.

Sentrale satsingsområde er kvalitet i undervisning og opplæring, innovasjon og koplinga mellom utdanning og arbeidsliv.

Du kan lese meir om Erasmus+, og dei ulike aktivitetane ein kan søke midlar til på nettsida til Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.

Vestland fylkeskommune har søkt og fått innvilga Erasmus+ akkreditering for fag- og yrkesopplæring i perioden 2021-27.

Akkrediteringa betyr at fylkeskommunen koordinerer Erasmus+ deltaking, og legg til rette for at yrkesfagskular, opplæringskontor og lærebedrifter kan gjennomføre ulike læringsopphald i utlandet for sine elevar, lærlingar og tilsette.

Fylkeskommunen deltek i Erasmus+programmet for å bidra til å auke kvaliteten i opplæringa, og for å styrke kompetansen til dei tilsette. 
I Erasmus+prosjektet for fag- og yrkesopplæring er hovudtema for læringsopphalda auka gjennomføring, kompetanseheving for tilsette, interkulturell kompetanse, og styrka lokalt og regionalt samarbeid. I tillegg skal alle læringsopphald ha fokus på inkludering og mangfald, miljø og berekraft, digitalisering og demokratisk deltaking.

Les også om fylkeskommunen sin akkreditering for vaksne si læring.

Her er forklaring på dei ulike godkjende læringsaktivitetane som de kan søkje om midlar til gjennom fylkeskommunen sitt Erasmus+prosjekt.

Læringsopphald for yrkesfagelevar og lærlingar

Elevar og lærlingar, kan som ein del av den ordinære opplæringa, ha eit praksisopphald hos ein fagopplæringstilbydar eller bedrift i eit anna europeisk land. Læringsperioden skal vere arbeidsbasert der eleven eller lærlingen deltek i praktisk arbeid og i autentiske arbeidssituasjonar.  

Målet med opphaldet er at deltakaren skal lære meir om faget og yrket sitt, lære og erfare andre arbeidsteknikkar og metodar, og/eller kunne få djupnekompetanse i eit spesielt fagområde.

Opphaldet skal også bidra til utvida interkulturell kompetanse gjennom å oppleve ein annleis arbeidskultur og -struktur, i tillegg til å bu og leve i eit anna land og kommunisere på eit anna språk.

Godkjend lengde på opphaldet: minimum 10 dagar, opptil 3 månader (reisedagar kjem i tillegg). 

Jobbskygging for tilsette i fag- og yrkesopplæring

Jobbskygging er eit læringsopphald der den tilsette skal følgje og observere ein utanlandsk kollega i sitt arbeide.

Deltakaren skal lære gjennom å følgje, observere og samhandle med fagfolk i mottakarorganisasjonen i deira daglege arbeide. Dei skal utveksle god praksis og erfaringar, og deltakaren skal tileigne seg ferdigheiter, kompetanse og kunnskap om fag, undervisning, utdanningssystem og metodar.

Opphaldet må gjennomførast ved ein fagopplæringstilbydar i utlandet. Studiebesøk er ikkje ein godkjent læringsaktivitet.

Lengde på opphaldet: minimum 2 arbeidsdagar (reisedagar kjem i tillegg)

Kurs for tilsette i fag- og yrkesopplæring

Deltaking på kurs i Europas skal bidra til å utvikle faglege kunnskapar og kompetanse gjennom strukturerte læringsprogram med dokumenterte læringsresultat for deltakarane.

Det er krav om at kursa blir halde av kvalifiserte undervisarar, ekspertar eller andre fagpersonar, og kan t.d. vere i form av klasseundervisning, workshops, eller feltundervisning.

Passive forelesingar eller konferansar vil ikkje bli godkjend. Kurset kan heller ikkje vere på norsk, og det må vere deltakare frå minst to land til stades på kurset.

Lengde på opphaldet: minimum 2 arbeidsdagar (reisedagar kjem i tillegg)

Inviter ekspert frå Europa til Noreg

Ein invitert ekspert frå Europa skal vere ein kvalifisert yrkesfaglærar, underviser eller fagperson som skal bidra til å forbetre yrkesfagundervisninga på skulen eller i opplæringsbedrifta.

Opphaldet skal også legge til rette for felles erfaringsutveksling mellom eksperten og mottakarorganisasjonen.

Ekspertane kan t.d. gi opplæring innan særskilte fagområde eller i bruk av utstyr, demonstrere annleis og nye undervisningsmetodar, eller hjelpe til med opplæring i ny og god praksis.

Lengde på opphaldet: minimum 2 arbeidsdagar (reisedagar kjem i tillegg)

Førebuande besøk

Eit førebuande besøk skal hjelpe skulen/bedrifta med å kvalitetssikre og legge til rette for framtidig praksisopphald for yrkesfagelevar og lærlingar.

Besøket skal gi kjennskap til, og kunnskap om mottakarorganisasjonen – deira kompetanse, kunnskapar og fokusområde, og kva for fagleg utbyte elevane/lærlingane vil kunne få gjennom eit praksisopphald hos mottakarorganisasjon.

Besøket skal bidra til å knyte relasjonar, og avklare praktiske spørsmål knytt til opphaldet, t.d. bustad, transport og arbeidsplassen.

Lengde på opphaldet: ingen krav, du vil få ein fast sum (EUR 575) per opphald uavhengig av land og lengde på opphaldet.

Maks to personar per opphald.

Undervisningsopphald i Europa

Ein yrkesfaglærar eller ein instruktør kan ha eit opphald ved ein yrkesskule eller opplæringsorganisasjon i Europa der dei gir undervisning innan eige fagfelt til lokale yrkesfagelevar eller lærlingar.

Deltaking i internasjonale yrkeskonkurransar for lærlingar

Deltaking i internasjonale konkurransar for yrkesfag der deltakarane kan vise kunnskapar og kompetanse, og der konkurransen bidreg til fagleg utvikling, innovasjon, erfaringsdeling og promotering av yrkesfag.

Konkurransane skal vere eit samarbeid mellom bedrifter, opplæringsorganisasjonar, bransje, næringsliv og elles andre aktørar med målsetting om å utvikle og gjere yrkesfagleg opplæring meir attraktivt.

Midlane du får for å gjennomføre dei ulike læringsaktivitetane er basert på faste satsar i Erasmus+programmet. Det kan bli gitt midlar til reise (t/r), opphald, kursavgift og tilrettelegging.

Reisestøtte

Alle deltakarar kan få støtte til reisa (t/r). Reisestøtta er per person, og basert på avstand frå avreisestad til mottakar. Avstanden blir utrekna ved hjelp av Erasmus+ Distance Calculator:

  • 100 – 499 km = 180 EUR (eks. Bergen – Aalborg, Danmark)
  • 500 – 1999 km = 275 EUR (eks. Bergen – Frankfurt, Tyskland)
  • 2000 – 2999 km = 360 EUR (eks. Bergen – Granada, Spania)

Støtte til opphald

Midlar til opphald blir gitt per person, basert på mottakarlandet og lengda på opphaldet. Midlane skal bidra til å dekke utgifter knytt til kost og losji, lokaltransport og ev. forsikring og visum dersom det er nødvendig.

Landgruppe 1:
Noreg, Danmark, Luxemburg, Island, Sverige, Irland, Finland, Liechtenstein)

  • Elevar/lærlingar: EUR 120 per dag*
  • Tilsette: EUR 180 per dag*

Landgruppe 2:
Nederland, Austerrike, Belgia, Frankrike, Tyskland, Italia, Spania, Kypros, Hellas, Malta, Portugal

  • Elevar/lærlingar: EUR 104 per dag*
  • Tilsette: EUR 160 per dag*

Landgruppe 3:
Slovenia, Latvia, Estland, Kroatia, Slovakia, Tsjekkia, Litauen, Tyrkia, Ungarn, Polen, Romania, Bulgaria, Nord-Makedonia, Serbia

  • Elevar/lærlingar: EUR 88 per dag*
  • Tilsette: EUR 140 per dag*

*Frå dag 15 er dagsatsen 70% av denne summen

Støtte til kursavgift

For deltakarar som skal på kurs, kan du få støtte til kursavgift. EUR 80 per deltakar, per dag, men du kan ikkje få meir enn totalt 800 EUR (10 dagar).

Krav for å få utbetalt kursstøtte er kopi av faktura, og deltakarbevis inkl. læringsmål. 

Inkluderingsmidlar

Sendarorganisasjon kan få inkluderingsmidlar, EUR 100 per deltakar, for å legge til rette for læringsopphald for elevar eller lærlingar med ekstra behov.