Digitale samlingar og nyheitsbrev for integreringsfeltet

Fylkeskommunen sender månadleg ut digitalt brev om siste nyhende på integreringsfeltet. Ynskjer du å stå på kontaktlista vår? Send oss ein e-post om dette!

Vi arrangerer også digitale samlingar for kommunar og organisasjonar som arbeider med integrering i Vestland fylke. 

Digitalt nyheitsbrev

I det digitale brevet deler fylkeskommunen informasjon om komande arrangement og hendingar for alle som er interesserte i integreringsfeltet i Vestland.

Digitale samlingar

Fylkeskommunen skal understøtte, vere pådrivar for, samordne, og fremje integreringsarbeidet i kommunane. Eit av verkemedlane vi har er å lage digitale møteplassar for aktørar på intergreringsfeltet. Invitasjonar til dei einskilde samlingane delast i nyheitsbrevet eller direkte på e-post til integreringskontaktane våre. 

Komande samlingar

Del 2 av webinaret ""Saman for inkludering - Korleis legge til rett for tverrfagleg integreringsarbeid i kommunane." arrangerast hausten 2024. Dato og registreringsinformasjon kjem.

 

Tidlegare samlingar

"Kreativ kvalifisering - Nye perspektiv i kommunalt integreringsarbeid"
Webinar om kreativitet i kommunal integreringssektor, med fokus på alternative tiltak i introduksjonsprogrammet for flyktningar. Webinaret tok for seg konkrete tips og dømer på korleis ein kan nytta tiltak som musikkterapi, friluftsliv og matlaging inn i integreringsarbeidet.

"Saman for inkludering - Korleis legge til rett for tverrfagleg integreringsarbeid i kommunane."
Samarbeidswebinar med Vestland fylkeskommune, Osterøy kommune, Alver kommune og Bergen kommune. Tema var tverrsektorielt samarbeid i høve integreringsarbeid, samarbeid på tvers av kommunegrensa og utforsking av moglegheiter for framtidige samarbeidsplattformar for Vestlandskommunane. Del 2 av dette temabaserte webinaret vil gjennomførast til hausten – då basert på innspel frå deltakarane i del 1.

"Bustadar til alle? Kva rammar og verkemidlar har vi?"
Fylkeskommunen, Statsforvaltar og Husbanken fortel om korleis kommunane kan arbeide for å løyse bustadutfordringar.

"Frukostwebinar - Integrering"
Fylkeskommunen gjer informasjon om kva rolle dei skal spele i integreringsarbeidet i Vestland. (Det er ikkje opptak frå denne samlinga)