Kven kan ha lærlingar?
Mangelen på faglært arbeidskraft er stor i mange bransjar i Vestland. Samtidig er det kanskje mange verksemder som ikkje veit at dei kan bli lærebedrift eller kva som skal til. Her får du svar på typiske spørsmål.
Å vere lærebedrift handlar ikkje berre om samfunnsansvar, det er også god rekruttering.
– Ved å ta inn lærlingar får bedrifter moglegheit til å forme eigen arbeidskraft. Når det er ei god kopling, blir lærlingane ofte verande, seier Audun Bjelland, prosjektleiar vaksenopplæring og rektor i Nettskulen Vestland.
Kven kan bli lærebedrift?
Kort sagt kan dei fleste bli lærebedrift. Det avgjerande er at bedrifta har rammer og kompetanse til å gi systematisk opplæring som samsvarer med krava i fagopplæringa.
– For å få godkjenning må produksjonen til bedrifta leggje til rette for opplæring i samsvar med læreplanen i faget, Dagfinn Henjum Sværen, Kvalitet i opplæringa – Vestland fylkeskommune.
Det spelar mindre rolle om bedrifta er lita eller stor. Dersom bedrifta ikkje kan dekke alle kompetansemåla aleine, fins det løysingar i samarbeid med andre bedrifter eller gjennom tilbod frå fylkeskommunen.
Les også: Slik kan bedrifter få faglært arbeidskraft
Kva krav må vere oppfylt?
For å bli godkjent lærebedrift må verksemda:
- kunne gi opplæring i samsvar med læreplanen
- ha ein fagleg leiar med rett kompetanse
- lage ein plan for opplæringa
- følge lærlingen opp i det daglege arbeidet
Slik blir du godkjent lærebedrift
Prosessen startar med å søke via fylkeskommunen. Der får bedrifta rettleiing gjennom heile løpet. Det fins kurs for faglege leiarar, mellom anna med vekt på relasjonskompetanse og god opplæring av lærlingar.
– Ikkje ver redd for å ta imot lærlingar. Det fins mange som jobbar for å gjere det enklare og meir tilgjengeleg, seier Bjelland.
Gjennom samarbeidet Fagveg jobbar Nav og fylkeskommunen saman om yrkesfagleg utdanning for vaksne over 19 år, for å dekke behovet for faglært arbeidskraft i mange bransjar.
– Når Nav, fylkeskommune og næringsliv samarbeider tett, kan vi få til mykje. Mange er i dag utanfor arbeid og utdanning, samstundes har næringslivet eit stor behov for faglært arbeidskraft. Samhandlinga er vinn-vinn for alle partar seier Linn Birkeland, som er prosjektkoordinator i Fagveg, Vestland fylkeskommune.