Arrangementstilskot til større nasjonale og internasjonale junior- og seniormeisterskap

Vi har tilskot til store nasjonale og internasjonale junior- og seniormeisterskap. Søk innan 15. februar 2024.

Idrettslag og særforbund kan søkje tilskot til store nasjonale og internasjonale junior- og seniormeisterskap som skapar stort engasjement, samhald, motivasjon til idrettsleg satsing og positive ringverknader for næringslivet.

Kven kan søkje?

  • Organisasjonsledd knytt til Norges idrettsforbund, Norges Bilsportsforbund og Det Frivillige Skyttervesen. Andre organisasjonar blir vurdert særskilt.
  • Idrettslag med adresse i Vestland.

Kva kan du søkje støtte til?

  • generell meisterskapsstøtte
  • større nasjonale og internasjonale junior- og seniormeisterskap (ikkje Norgescup)
  • meisterskap som er likestilte med nasjonale meisterskap som til dømes landsskyttarstevne
  • same meisterskapet kan få støtte frå denne ordninga i tre år. Etter det kan det ev. søkjast om driftstilskot til arrangementet.

Vurdering av søknad

Desse kriteria skal omtalast i søknaden:

  • tal og geografisk spreiing på deltakarar
  • rekruttering og opplæring av frivillige
  • budsjett med detaljar om påmeldingsavgift
  • krav om kommunal medverknad
  • medie- og marknadsføringsstrategi for arrangementet
  • nasjonal mediedekning
  • tyding for lokalsamfunnet i høve til lokalt næringsliv og andre samarbeidspartar
  • arrangør har ein klår og tydeleg miljøprofil (t.d. miljøsertifisering som miljøfyrtårn, at ein har gått igjennom arrangementsvegleiar knytt til berekraft, eller har gjennomført andre tiltak ein kan vise til)
  • Vestland fylkeskommune har rett til å gjere eigne vurderingar knytt til regionale føringar og styringsdokument

Sakshandsaming og vedtak

Forvaltningslova ligg til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune. Alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege, jf. forvaltningslova (fvl.). Unnatak gjeld personopplysningar. Desse vert unnateke offentlegheita jf. fvl. §13. I særlege tilfelle kan utsett offentlegheit vurderast etter fvl. Avdeling for kultur og folkehelse førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i hovudutval for kultur, idrett og inkludering. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesdirektør si innstilling skal også grunngjevast. Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist.

Fristen for rapportering er tre månader etter gjennomført meisterskap. Rapporten skal innehalde skildring av gjennomføring og rekneskap for arrangementet.

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker. Fristen blir rekna frå den dagen søkjar fekk melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans.

Ein klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det blir klaga over, årsaka til at det blir klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast, og sendast til post@vlfk.no.