Tilskot til plan for friluftslivets ferdselsårer

Plan for friluftslivets ferdselsårer er eit nasjonalt prosjekt som skal føre til betre planlegging og forvaltning av ferdselsårer som nyttes til rekreasjon og friluftsliv.

Døme på friluftslivets ferdselsårer er turvegar, turstiar, turløyper og turleier.

Fristen for å søkje om midlar er 15. februar. 

Føremål med ordninga

Målet med prosjektet plan for friluftslivets ferdselsårer er å identifisere, ta i vare og utvikle viktige stiar, turvegar, løyper og leier i kommunane. Gjennom ein plan for friluftslivets ferdselsårer vil kommunane betre kunnskapsgrunnlaget og få eit verktøy for å forvalte ferdselsårene på ein meir heilskapleg og berekraftig måte.

Det er og eit mål at kommunane gjennom arbeidet med friluftslivets ferdselsårer skal oppdatere kartgrunnlaget i kartverket sin turrute-database.

Friluftslivets ferdselsårer er ei naturleg vidareføring av det gode arbeidet kommunane har gjort med kartlegging og verdsetting av friluftsområde og det nasjonale turskiltprosjektet. Prosjektet er forankra i Handlingsplan for friluftsliv (2018) og Anleggspolitikk for Vestland fylkeskommune (2020-2024).

Kven kan søkje?

Berre kommunar kan søkje om tilskot.

Kva kan få støtte?

Midlane skal gå til at kvar kommune skal utvikle ein heilskapleg plan for friluftslivets ferdselsårer i tråd med rettleiar M-1292 frå Miljødirektoratet

Arbeidet med å lage ein plan for friluftslivets ferdselsårer skal følgje fire steg. Kvar kommune kan søke om 60 000 kr til dei to første stega og 60 000 kr til dei to siste – tilsaman 120 000 kr til heile prosjektet.

Vestland Fylkeskommune kan bistå kommunane i arbeidet med plan for friluftslivets ferdselsårer, primært med registrering og kartfesting av ferdselsårer, men og med rådgiving og hjelp til dei andre fasane i prosjektet. Kommunar som ønsker bistand frå fylkeskommunen får i staden for eit utbetalt tilskot, bistand frå prosjektmedarbeidar i Vestland fylkeskommune tilsvarande summen som det søkast om.

Kommunar som har utarbeidd ein plan for friluftslivets ferdselsårer, kan søke om tilskot til tilrettelegging som er omtala i planens tiltaksdel. Det kan søkast om tilskot til tilrettelegging på inntil kr 50 000 per kommune.

Vilkår og rapportering

Fylkeskommunalt tilskot kan ikkje vere høgare enn 50 prosent av dei totale ressursane for prosjektet, dette gjeld og for tilskot til tilretteleggingstiltak. Dugnad kan reknast som eigenfinansiering (inntil 300 kroner per time).

Ferdselsårer som vert registrerte i prosjektet skal leggast inn i nasjonal database for tur- og friluftsruter. Datasett sendast inn til Kartverket eller registrerast i rettikartet.no.

Vi oppmodar kommunar til å samarbeide med relevante lag og organisasjonar, t.d. turlag og idrettslag, for informasjonsinnsamling, planlegging og gjennomføring av plan for friluftslivets ferdselsårer.

Sakshandsaming og vedtak

Forvaltningslova ligg til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune. Alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege, jf. Forvaltningslova (Fvl.). Unnatak gjeld personopplysningar. Desse vert unnateke offentlegheita jf. Fvl. §13. I særlege tilfelle kan utsett offentlegheit vurderast etter Fvl. Avdeling for Kultur og folkehelse førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Hovudutval for kultur, idrett og inkludering. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesdirektør si innstilling skal også grunngjevast. Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist.

Søkjarar må følgje den nasjonale rettleiar M-1292 for friluftslivets ferdselsårer frå Miljødirektoratet.

Tilskot til tiltaket kan ikkje overstige 50 prosent av den totale kostnaden.

Dei som får tilskot skal sende inn ein statusrapport for prosjektet innan 6 mnd, og ein sluttrapport innan 12 mnd etter at dei har fått tilskot.

Tiltaket skal sluttførast innan 1,5 år etter motteke tilsagnsbrev.