Alver kommune - Sjøbua

Ei av dei tre dagsturhyttene i Alver kommune ligg i Byngja.

Dagsturhytta Sjøbua i Alver, med sjøen i bakgrunnen.
Foto: Alver kommune

Dagsturhytta Sjøbua ligg nesten heilt i sjøkanten i friluftsområdet Byngja nord på Radøy. Tilkomsten til dagsturhytta går på grusa veg og deretter trepromenade, og er tilgjengeleg for dei fleste, sjølv om det er litt for bratt til at den er rekna som universelt utforma. Hytta er også tilgjengeleg med kajakk og båt. 

Tilkomst og parkering

Ynskjer du å koma til Byngja til fots, ta av frå FV5484 kring 8,5 kilometer nord for Manger eller 1 kilometer sør for Bøvågen og følg skilting mot Byngja. Parker på parkeringsplassen for friluftsområdet. Næraste busstopp er Byngja kryss, evt Kvalheim kryss for litt fleire avgangar.

Ynskjer du å padla eller ro til Byngja kan t.d. du parkera ved Toskavegen, Bøvågen eller Rossnes.

Stien til hytta

Løypa startar ved parkeringsplassen for friluftsområdet i Byngja. Følg grusvegen til badeplassen, og trepromenade eller sti vidare derifrå. 

Avstandar

Det er om lag 750 meter frå parkeringsplassen til hytta, eller kring 10-15 minutt å gå.