Modalen kommune - Olav Nygard bu

Dagsturhytta til Modalen kommune, Olav Nygard bu, finn du ved Steinavatnet i Stølsheimen 500 moh. Dagsturhytta har fått namn etter ein stor lokal lyrikar frå mellomkrigstida, Olav Nygard. Ho ligg vakkert til og kan besøkast sumar vel som vinter. Hytta hadde offisiell opning 11. juni 2022.

Dagsturhytta i modalen, Olav Nygard Bu med blå himmel og snøfylte topper i bakgrunnen.
Olav Nygard Bu, Dagsturhytta i Modalen kommune. Foto Gro Henny Mo

Tilkomst og parkering

Om du kjem frå Bergen, følg E39 nordover til Romarheim. Vidare til Mo i Modalen og derifrå til Øvre-Helland. Ta avkøyrsle til høgre, skilta Nygard. Ved kryss, ta av mot venstre til Steinavatnet, Kvanndalen.

Stien til hytta

Frå parkeringa finn du skilt som viser dei ulike løypealternativa du har for å komme til Olav Nygard bu, merka dagsturhytta. Det er mogleg å gå langs både høgre og venstre side av vatnet. Stien på venstre side av Steinavatnet er den enklaste ruta, men litt lengre i distanse. Her kan du risikera å måtta ta ein avstikkar opp forbi Nystølen dersom mykje vatn i elva.

Stien langs høgre sida er kortast, men i litt meir krevjande terreng. Besøk til Olav Nygard bu gir fine moglegheiter for å gå ein rundtur langs heile Steinavatnet. 

Avstandar

Løypa til høgre er om lag 1,1 km, mens den på venstre side av vatnet er om lag 1,9 km. Venstre side blir anbefalt på vinterstid.

Hytta har grill, ein liten vedomn (ved finn du på hytta), bibliotek med nynorske barnebøker og sitjebenkar inne og ute. Her er det fint å ete matpakka og ta ein god pust i bakken. Det er ikkje lov å overnatte inne i hytta, men ute rundt hytta kan ein overnatte. Forlat hytta slik du sjølv ynskjer å finne ho, rein og innbydande. Søppel og flasker tek du med deg heim.