Øygarden kommune - Larslibua

Dagsturhytta Larslibua i Øygarden kommune ligg ved Larslivatnet langs Kyrkjevegen på Foldnes, Straume.

Dagsturhytta i Øygarden kommune
Dagsturhytta Larslibu i Øygarden kommune

Tilkomst og parkering

Parkering er ved Foldnes kyrkje. Følg rv. 555 mot Sotra til Straume. Deretter følger ein skilting mot Foldnes og vidare mot Foldnes kyrkje. Her er det skilta til parkeringsplass som kan nyttast.

Stien til hytta

Stien følgjer ein slak grusveg som ein kan kome seg fram på i rullestol og med barnevogn. Dei brattaaste partia har ei helling på ca. 10 grader og kan vera ei hindring for nokon manuelle og elektriske rullestolar (brattaste helling er på ca. 10 grader).

Avstandar

Det er om lag éin kilometer frå parkeringsplassen. På første retningsskilt står det 0,9 km. Ein brukar ca 20 minuttar i roleg tempo til hytta.