Kvam herad - Kvilekroken

Dagsturhytta i Kvam herad er plassert ved Krokavatnet og har fått namnet Kvilekroken.

dagsturhytta i kvam kommune
Dagsturhytta Kvilekroken i Kvam kommune

Tilkomst og parkering

Parkering på Solhaug: Frå Norheimsund fylgjer du Rv.49 mot Tørvikbygd. Omtrent 1 km frå sentrum tek du til høgre mot Tveit. På Tveit er det ikkje høve for parkering, men følg bomvegen til Solhaug (enden på vegen). Det er skilta frå parkeringa på Solhaug og fram til dagsturhytta

Stien til hytta

Frå parkeringsplassen på Solhaug fylgjer du stien langs kraftgata/røyrgata. Turen går jamt oppover med enkelte bratte parti. Stien og røyrgata fører deg oppover mot Krokavatnet. Etter toppen av røyrgata går stien til høgre over ei myr og vidare over ei lita bru. Du fylgjer no stien vidare og vil ha Krokavatnet på di venstre side. Om lag 200 meter frå hytta kjem du til den gamle demninga, denne går du over og tek så til høgre for dei siste metrane bort til Kvilekroken.

Turen passar ikkje for barnevogn.

Avstandar

Det er 2,2 km frå parkeringa på Solhaug og til hytta. Det tek om lag 1 time å gå ein veg.