Kloppemyra
Området kring Kloppemyrhytta er ein del av eit gamalt kulturlandskap, forma av ferdsel og bruk av utmark gjennom fleire hundre år. Utmarka har vore nytta til tradisjonell seterdrift, der kyr, geiter og andre husdyr vart haldne i fjellet om sommaren for å nytte det næringsrike graset.
Frå Kloppemyrhytta og opp mot seterområdet kryssar ein fleire gamle bruer som fortel om denne ferdsla. Vilkjekloppebrua var ei viktig kryssing over eit sideløp til Vikaelva. Brua er bygd i naturstein og var ein del av setervegen til gardane i Vik og Tonning. Lenger oppe ligg Hynnjelsbrua, som var del av både kyrkjevegen mellom Markane og Nedstryn kyrkje og setervegen til Vik og Tonning. Brua kryssar Vikaelva over eit trongt og bratt elvegjel, og er ei enkel stokkebru som vart restaurert i 2016.
Den gamle Kyrkjevegen gjekk rett gjennom setertunet på Lundesetra, som ligg ovanfor hytta. Dei som gjekk frå Markaneområdet til Nedstrynkyrkje, kunne bruke om lag to timar kvar veg avhengig av kvar dei budde. Lundesetra har lege på ved den gamle Kyrkjevegen sidan om lag 1723 og er særleg godt bevart, med fleire lafta bygningar utan nyare inngrep. Utmarka kring Lundesetra har vore nytta til tradisjonell seterdrift i fleire hundre år.