Kinn kommune, Vågsøy - Kletten

Klettenhytta ligg i Deknepollen med utsikt mot fjord, fjell og hav.

Bilde av ei dagsturhytte med utedo ved sida av.
Dagsturhytta i Kinn, Klettenhytta. Foto: Magnar Egil Øren Gangsø.

Tilkomst og parkering

Hytta ligg i Deknepollen og har tre ulike tilkomstar: ein frå Blålid, ein frå Kulen (rett før Måløybrua) og tilkomsten frå Okshola. Den siste er mest brukt.

  • Dersom du skal gå vegen frå Okshola, er det best å parkere ved Skavøypoll barnehage/skule. Skulen ligg rett ved rv. 15. Følg vegen opp til øvre Okshola før stien startar. 
  • Dersom turen startar på Kulen, er det best å parkere ved bilforretninga Asvo Måløy.  Dette er ein kortare, men brattare sti til toppen. 
  • Stien frå Blålid er ikkje knytt til noko spesiell parkering. 

Stien til hytta

Alle tre tilkomstane er familievennlege turar, men det er lettare terreng i turane frå Okshola og Blålid. Alle stiane er i kupert terreng. Turen frå Kulen er kort, men bratt. Dette er ein populær turtopp for familiar og er ein del av turane i vintertrimmen junior i regi av YNT (Ytre Nordfjord Turlag). 

Frå Asvo Måløy må du gå mot Ytre Kulen og så følge ein blindveg som går under og opp mot Måløybrua. Du skal no vere ved rv. 15, kryss vegen og gå langs fortauet til du ser stien som startar rett ved skiltet til brua. 

​Avstandar

Hytta ligg rett nedanfor toppen på fjellet på ca. 138 moh.

  • Avstand frå Okshola: ca. 50 minutt gonge
  • Avstand frå Kulen: ca. 30 minutt gonge
  • Avstand frå Blålid: ca. 15 minutt gonge (bratt)