Gulen kommune - Gulakvila

Dagsturhytta i Gulen ligger på Løypingåsen. Dette er ein lett tur som passar for både born og eldre. Hytta ligg nær knutepunkt for mange turstiar vidare opp i høgare fjell.

Bilde av ei dagsturhytte i lynglandskap.
Dagsturhytta i Gulen, Gulakvila. Foto: Magnar Egil Øren Gangsø.

Parkering og tilkomst

Parkering er ved kommunehuset i Eivindvik: Eivindvikvegen 1119. Kjem du med hurtigbåt går du av på Sollibotn og tar buss til Eivindvik. 

Stien til hytta

Frå kommunehuset går du i godt merka turterreng mot vassverket. Derfrå går du vidare mot merka mål Løypingåsen. Det er moderat stigning, gode og tydelege turstiar som er godt vedlikehaldne og godt merka. Når du kjem til Gulakvila, ser du inn mot Gulafjorden og utover i øyane som ligg mot havet. Du har godt oversyn over Eivindvik sentrum og byggjefeltet.

Ein kan også ta ein alternativ sti frå bustadområdet vest i Eivindvik og via vegen Øvre Stølen.

Det er ikkje tilrettelagt for barnevogn eller rullestol.

Avstandar

Hytta ligg på 152 meter over havet. Frå kommunehuset til Gulakvila tek turen ca. 30–45 minutt for ein vaksen i vanleg turtempo. Det er 900 meter ein veg.