Fjordblikk

Dagsturhytta ligg i utmarka til gardane på Nordkvingo. Dette landskapet her var ein viktig del av den samla gardsdrifta i området. Den tradisjonelle gardsdrifta kravde at folk utnytta alle tilgjengelege naturressursar. På Vestlandet utvikla det seg ein vertikal driftsstruktur, frå fjorden og opp på fjella. Ved fjorden låg nausta, medan tunet og innmarka med åkrar og slåtteeng ofte vart lagde litt høgare i terrenget. Utmarka strekte seg både ned til fjorden og opp på fjellet, der stølane låg.

Mangfaldig bruk av naturressursane var avgjerande for at menneska kunne busetje seg på Kvingo, og har forma landskapet du går gjennom på veg til dagsturhytta.

På Vestlandet utvikla det seg ein vertikal driftsstruktur, frå fjorden og opp på fjella. Ved fjorden låg nausta, medan tunet og innmarka med åkrar og slåtteeng ofte vart lagde litt høgare i terrenget. Utmarka strekte seg både ned til fjorden og opp på fjellet, der stølane låg.